Fiskarhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fiskarhalvøya er den nordaustlegaste delen av Petsjenga.
Landsbyen Tsypnavolok på Fiskarhalvøya.

Fiskarhalvøya (russisk Полуостров Рыбачий, Poluostrov Rybatsjij, nordsamisk Giehkirnjárga, finsk Kalastajasaarento) er den nordlegaste punktet på fastlandet i den europeiske delen av Russland. Ho består av to delar, Srednijhalvøya («Mellomhalvøya») knytt til fastlandet via eit smalt eid og sjølve Fiskarhalvøya, som er knytt til Srednij igjen via eit liknande smalt eid. Halvøya er derfor nesten omgjeve av vatn. Administrativt høyrer ho til Petsjengas kommunale krets i Murmansk region og ligg nokre få timar frå Murmansk.

Hovudnæringane til innbyggjarane er reinsdyr og petroleum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Halvøya ligg eit område der grensene vart sett relativt seint. Den norsk-russiske grensa vart teikna i 1826 og Fiskarhalvøya hamna på den russiske sida. På denne tida levde fleire nordmenn på halvøya.

Etter den russiske revolusjonen vart vestlege delar av Sredij og Fiskarhalvøya avstått til Finland. Dei vart gjeve tilbake til Sovjetunionen etter den sovjetisk-finske vinterkrigen i 1940. Dei norske busetjarane vart «fanga» i Sovjetunionen etter revolusjonen, og enkelte av etterkomarane fekk norsk borgarskap etter jernteppet forsvann.

Under den andre verdskrigen var området i tre år del av ein posisjonskrig mellom Tyskland og Sovjetunionen. Halvøya verna tilkomsten til Murmansk og Arkhangelsk, som var hovudportane til Lend-lease. Fronten delte halvøya i to delar, og på begge sider vart det bygd kraftig forsvarsverk.

Før Sovjetunionen kollapsa var området kraftig militarisert sidan det låg like ved grensa til Noreg, som var og er medlem av NATO. I dag er militæret borte, men området er framleis (2005) lukka for utlendingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]