Fisken lake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lake
Lake
Lake
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Lake
Utbreiinga av Lake
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Orden: Torskefisk Gadiformes
Familie: Torskefamilien Gadidae
Underfamilie: Lotinae
Slekt: Lota
Art: Lake L. lota
Vitskapleg namn
Lota lota

Lake (Lota lota) er ein torskefisk som lever i ferskvatn og brakkvatn i Eurasia nord for den 40° breiddegrad. I Noreg finst han på Austlandet og i Finnmark, men er særleg vanleg i Mjøsa.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Laken er ein avlang fisk med lateral flattrykking på bakkroppen og relativt rund form framme. Fargen er som regel brun eller gul med svarte eller brune teikningar på oversida, noko lysare på undersida. Rundt hovudet har han skjeggtråder som liknar dei hjå tangbrosmen.

Laken kan bli opptil 150 cm lang og vega 34 kg, men det er sjeldsynt å finna eksemplar større enn 40 cm.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Lake er ein utprega botnfisk som kan gå særs djupt i vatna han lever i. Han er ein kjøtetar som ikkje er vidare kresen på val av bytte, men som regel tek dei andre botnlevande artar. Det er som regel i skumringa og om natta han jaktar, om dagen kviler han på løynde stadar. I motsetnad til mange andre fisk er laken meir aktiv om vinteren enn om sommaren, noko som gjer han ettertrakta for isfiskarar.

Det er òg om vinteren dei gyter, frå november til mars med eit høgdepunkt midt i januar. I gytetida vandrar fisken, og samlar seg i store mengder. Ei einskild ho kan legga mellom 100 000 og 3 millionar egg, avhengig av storleik og lokale miljøtilhøve, og hannane rundt ho prøvar som best dei kan å befrukta dei med sin mjølke. Arten har ingen yngelpleie.

Dei befrukta egga søkk til botnen og vert klekte etter 4-6 veker. Yngelen veks fort heilt fram til dei vert kjønnsmogne i sitt tredje eller fjerde leveår, då dei brått tek til å veksa saktare. Vanleg levealder for lake er 10-20 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Tysk wikipedia