Fiskerhalvøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fiskerhalvøya (russisk Полуостров Рыбачий - Poluostrov Rybatsjij, finsk Kalastajasaarento, samisk Giehkirnjárga) er den nordlegaste punktet på fastlandet i den europeiske delen av Russland. Ho består av to delar, Srednijhalvøya («Mellomhalvøya») knytt til fastlandet via eit smalt eid og sjølve Fiskerhalvøya, som er knytt til Srednij igjen via eit liknande smalt eid. Halvøya er derfor nesten omgjeve av vatn. Administrativt høyrer ho til Petsjenga rajon i Murmansk oblast og ligg nokre få timar frå Murmansk.
Hovudnæringane til innbyggjarane er reinsdyr og petroleum.
[endre] Historie
Halvøya ligg eit område der grensene vart sett relativt seint. Den norsk-russiske grensa vart teikna i 1826 og Fiskerhalvøya hamna på den russiske sida. På denne tida levde fleire nordmenn på halvøya.
Etter den russiske revolusjonen vart vestlege delar av Sredij og Fiskerhalvøya avstått til Finland. Dei vart gjeve tilbake til Sovjetunionen etter den sovjetisk-finske vinterkrigen i 1940. Dei norske busetjarane vart «fanga» i Sovjetunionen etter revolusjonen, og enkelte av etterkomarane fekk norsk borgarskap etter jernteppet forsvann.
Under den andre verdskrigen var området i tre år del av ein posisjonskrig mellom Tyskland og Sovjetunionen. Halvøya verna tilkomsten til Murmansk og Arkhangelsk, som var hovudportane til Lend-lease. Fronten delte halvøya i to delar, og på begge sider vart det bygd kraftig forsvarsverk.
Før Sovjetunionen kollapsa var området kraftig militarisert sidan det låg like ved grensa til Noreg, som var og er medlem av NATO. I dag er militæret borte, men området er framleis (2005) lukka for utlendingar.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Rybachiy Peninsula» frå Engelsk Wikipedia, den 21. september 2008.