Fiskeslaget kveite
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Fiskeslaget kveite | ||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Actinopterygii | |
| Orden: | Pleuronectiformes | |
| Familie: | Pleuronectidae | |
| Slekt: | Hippoglossus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Hippoglossus hippoglossus | ||
| Kveite | |
| Norske dialektnamn | |
|---|---|
| Hellefisk | |
| Namn på andre språk | |
| Nordsamisk | Bálddis |
| Svensk | Hälleflundra |
| Dansk | Helleflynder |
| Engelsk | Halibut, Atlantic halibut |
| Tysk | Heilbutt, Weiße Heilbutt |
| Fransk | Flétan, flétan de l'Atlantique, flétan blanc |
| Spansk | Pez mantequilla, fletán, hipogloso, paltus, halibut |
| Russisk | Paltus (Палтус), obyknovennyj paltus (обыкновенный палтус), belokoryj paltus (белокорый палтус) |
Kveite (Hippoglossus hippoglossus), på Austlandet ofte kalla hellefisk, er ein flyndreart som held til i det nordlege Atlanterhavet. Han er ein av dei største flatfiskane me kjenner til; hoene kan bli opptil 300 kg, og over 3,5 meter lange. Hannane blir berre 50 kg. Fisken vert mykje nytta til mat.
I Nord-Noreg har det frå gamalt av vore knytt eit namnetabu til namnet «kveite». Ein skulle ikkje nemna det mens ein var på havet, elles slo fisket feil. I staden sa ein «gudsfisken».