Fiskevernsona ved Svalbard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fiskevernsona rundt Svalbard vart oppretta ved kongeleg resolusjon i 1977. Formålet med sone, i følgje forskrifta er: «Det opprettes en fiskevernsone i havområdene utenfor Svalbard for bevaring av de levende ressurser i havet og regulering av fiske og fangst.»[1] Fiskevernsona strekker seg 200 nautiske mil ut frå grunnlinja rundt Svalbard, men avkorta slik at NØS strekker seg fulle 200 nautiske mil frå det norske fastlandet. Sona er på 770 565 kvadratkilometer[2]. Norske styresmakter meiner at Noreg er i sin fulle rett til å opprette ei vanleg økonomisk sone rundt Svalbard. I følgje havrettstraktaten meiner Noreg at landet har ein slik rett som kystnasjon med suverenitet over Svalbard. Dette er ikkje gjort fordi Noreg ikkje har ønskt å provosere naboane eller sette den norske retten til å opprette ei slik sone på prøve. I fiskevernsona blir norske reglar om fiske handheva utan sideblikk til nasjonalitet.

Fiskevernsona vart første gong prøvd for norsk høgsterett i 2006. Eit spansk reiarlag anka ei sak om inndraging av 1,4 millionar etter at trålarane «Olaberri» og «Olazar» vart arrestert i fiskevernsona. Reiarlaget meinte at arrestasjonen var i strid med folkeretten. Dei fekk ikkje medhald i høgsterett. Høgsterett skriv på nettsidene[3] sine: "Høyesterett var enig med lagmannsretten i at lov om Norges økonomiske sone § 5 ga hjemmel for opprettelsen av fiskevernsonen ved Svalbard. Retten fant videre at opprettelsen av fiskevernsonen rundt Svalbard måtte anses hjemlet i folkerettslig sedvanerett og at den ikke var i strid med FNs havrettskonvensjon." Dommen er nummer HR-2006-01997-A, (sak nr. 2006/871).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://faolex.fao.org/docs/html/nor12764.htm
  2. http://www.ssb.no/aarbok/geografi.html Arkivert 2009-01-01 ved Wayback Machine. Statistisk årbok for 2007
  3. http://www.domstol.no/DAtemplates/Article____9550.aspx?epslanguage=NO