Fisksätra
59°17′31.250″N 18°15′22.273″E / 59.29201389°N 18.25618694°E
Fisksätra er ein tettstad i Nacka kommun i Stockholms län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 6 864 innbyggjarar, og eit areal på 1,02 km².[1]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Sentrale delar av området var i alle fall frå 1562 og framover ein fattig gard under Erstavik, men gardsnamntypen og utgravde forhistoriske graver talar for at plassen var i bruk alt under vikingtida.
Høghusbusetnad blei oppført her mellom 1972 og 1974. Området består hovudsakleg av 4-5-etasjes leilighetsblokker med garasje i kjelleretasjen, og eit bakkenivå som er utilgjengeleg for bilar. Rundt høghusområdet ligg låghusområda Fiskarhöjden, Båthöjden og Fågelhöjden. Rekkehusa på Fiskarhöjden blei bygd mellom 1973 og 1974.
Kommunikasjoner[endre | endre wikiteksten]
Fisksätra har haldeplass på Saltsjöbanan. Reisetida til Slussen i det sentrale Stockholm er rundt 20 minutter. Avstanden til Slussen er 11 kilometer.
Motorvegen Saltsjöbadsleden sluttar i Fisksätra, og held så fram som landeveg.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Fisksätra» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Tätorter; arealer, befolkning 2005, Befolknings- og arealfakta frå SCB, oppdatert 10. mars 2008