Fissil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fissil eller spaltbar er det at ein atomkjerne når han etter å ha fanga inn eit langsamt nøytron, straks fisjonerer, det vil sei deler seg i to omtrent like tunge delar.

Fissilt stoff blir nytta som brensel i reaktorar. Den einaste fissile nukliden som finst i naturen er 235U (0,72 % i alle naturlege førekomstar av uran). I uranreaktorar kan ein produsere 233U og 239Pu.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]