Fitjar kommune

Koordinatar: 59°55′6.4″N 5°19′9.2″E / 59.918444°N 5.319222°E / 59.918444; 5.319222
God artikkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fitjar)
«Fitjar» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Fitjar sentrum.
Fitjar kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Fitjar
Areal 142,46 km²
 - land 134,48 km²
 - vatn 7,98 km²
Folketal 3 203  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Harald Rydland (KrF)
Kommunenr. 4615
Kart
Fitjar kommune
59°55′08″N 5°22′17″E / 59.918888888889°N 5.3713888888889°E / 59.918888888889; 5.3713888888889
Wikimedia Commons: Fitjar
Nettstad: www.fitjar.kommune.no
Fitjar sentrum

Fitjar (uttale (IPA) ["ficça]) er ein kommune i Vestland fylke, i Sunnhordland. Størstedelen av kommunen ligg på øya Stord, der kommunen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. I tillegg til Stord er mange øyar ut mot Selbjørnsfjorden ein del av øykommunen Fitjar.

Fitjar vart eigen heradskommune i 1860. Etter 1964 grensar kommunen i sør og søraust til Stord, i aust og nord til Tysnes, i nordvest mot Austevoll og i sørvest og sør til Bømlo. Før 1964 høyrde også søraustsida av øya Selbjørn og Huftarøy til Fitjar. Fram til 1898 var kommunenamnet Fitje.

Fitjar var i lange tider ein kongsgard og truleg eit høvdingsete sidan bronsealderen, og i dag er staden kanskje mest kjend for slaget på Fitjar. Sogespelet Kongen med Gullhjelmen eller Håkonarspelet er eit spel til minne om kong Håkon I den gode og slaget. Kva år slaget stod, er ein ikkje viss på, men ein reknar at det var anten i år 959, 960 eller 961. Håkonarparken ligg i Fitjar med ein statue av Håkon den gode. Statuen er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen og vart avduka av kong Olav V i 1961 under 1000-årsjubileet for slaget på Fitjar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Fitjar er eit gamalt gardsnamn og er fleirtal av det norrøne fit, som tyder noko nær 'flatvoren, frodig eng attmed vatn'.[1] Etter år 1500 vart det skrive på ymse måtar som Fiddie, Fidie, Fettie, Fittie, Fitte og Fitie, før ein gjekk tilbake til det opphavlege namnet Fitjar. Fitjar vart nemnd i Håvamål der det vert skrive Fitjungr. Fitjarnamnet vert òg nemnd av Sigvat Skald i Bergsølisvisene (om lag 1040) og skalden Tord Sjårekson i kvadet om Torolv Skolmson i 960-åra. Av andre soger er Fitjar nemnd i Heimskringla, Fagrskinna, Flatøyboka, Landnåmaboka og den eldste jordeboka vår frå mellomalderen, Bjørgynjar Kalfskinn.

Namnet «Stord» kjem av norrønt, og kan tyda 'den høgreiste'.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Naar man en sommerdag ser ôs og fjord ligge der speilblank og blaa, glitrende i solen mellem holmer og skjær med et yrende liv av flagrende fugl og sprettende fisk, eller man oplever en kveldstund naar den nedgaaende sol setter himmel og hav i brand der ute og kaster eventyrglans over fjellet der inne, er med paa baa og flu naar fiske napper som best, eller sitter ved tjernet i skogstillheten - da vil man forstaa fitjarbuens kjærlighet til sin bygd, da vil man forstaa den lengtende og drømmende undertone i hans sinn.

Jacob Åland[2]

Fitjar kommune består av den nordlege halvdelen av øya Stord og Fitjarøyane, som ligg mellom Stord og Bømlo. Sjølve tettstaden Fitjar ligg på ei vid og flat slette på nordvestsida av øya, vest for Stordfjella, som går på langs av heile øya frå nord til sør.

Vikar, sund og fjordar[endre | endre wikiteksten]

På austsida av Fitjar og Stord ligg Langenuen med Tysnes på andre sida. Langs Langenuen finn ein Vistviki, Færøysund, Levåg, Sandvikvåg og Tveitevåg. Nord for Fitjar ligg Selbjørnsfjorden og frå her går Fitjarvika sørover mot Fitjar sentrum og innimellom Fitjarøyane strekkjer Engesundsleia, Nyleia og Brandasund seg sørover. Stokksund ligg mellom Stord og Bømlo og frå her går det to små fjordar inn på Fitjarsida av Stord. Den sørlegaste av desse er Dåfjorden. Dåfjorden deler seg i to greiner, den eine sørover og inn i Stord kommune, og den andre går nordover og inn i Fitjar der Sagelva munnar ut. Den nordlegaste er Hellandsfjorden, der Kjærelva frå Storavatnet endar. Innløpet til Hellandsfjorden var opphavleg svært trongt og hadde sterk straum, men i 1890 vart innløpet utvida slik at småbåtar kunne passere og gå inn til mølla i Kjærelva.[3]

Fitjarøyane[endre | endre wikiteksten]

Utsyn mot Fitjarøyane frå Storhaugen
Fitjarøyane sett frå lufta i vest. Fitjar sentrum er til venstre for midten.

Fitjarøyane utgjer til saman 381 øyar, holmar og skjer[4] Fitjarøyane består av unike lyngheier og i 1986 vart det gjort framlegg om å gjere øyane om til ein nasjonalpark, men dette vart ikkje noko av.[5] Det går tradisjonsrike skipsleier mellom øyane, og her ligg fleire handelsstader med tradisjonar tilbake til 1648. I dag er området ein særs populær stad for båtturistar.

Fitjarøyane grensar til Nordsjøen i vest (dei ytste av øyane vart derimot overført til kommunen Bømlo etter at det vart lagd brusamband frå Bømlo til fleire av øyane), Selbjørnsfjorden i nord, Fitjarvika i aust og Bømlo i sør.

Av øyar i Fitjarøyane finn ein: Fodno (ligg i Fitjarvika, like nordvest for sentrum), Smedholmen, Teløyna, Engesund (med ein gamal handelsstad), Eldøy, Hjelmen, Ålforo (den største av dei), Straumøya, Ivarsøy, Siglo, Tranøy, Nattarøy, Tverdarøy, Torsdagsøy, Eggøy, Hanøy, Eidøy, Vassøy, Soløy, Urdøya og Klamsøya. Dei ytste av Fitjarøyane høyrer i dag til Bømlo kommune, inkludert Slåtterøy, der Slåtterøy fyr står.

Fitjarfjella[endre | endre wikiteksten]

Ein del av Fitjarfjella. Toppane til høgre er Kinno (lokalt kalla Kidno) på 571 moh.

Av fjell på Fitjar finn ein:

  • Mehammersåta (676 moh.; sjølve toppen ligg på Stordsida og er 749 moh)
  • Litlasåto (676 moh) - høgaste fjellet i Fitjar kommune
  • Grønafjellet (623 moh.)
  • Tindane (596 moh.)
  • Kinno (571 moh.)
  • Klovskardfjellet (555 moh.)
  • Midtfjellet (500 moh.)
  • Melen, med toppen Melsåta (499 moh.)
  • Handfjellet el. Handfjellsåta (465 moh.)
  • Tveitafjellet (380 moh.)
  • Sætrabøfjellet (378 moh.)
  • Husafjellet (368 moh.)

Vatn og elvar[endre | endre wikiteksten]

Fitjarelva, nær Fitjarstølane

Storavatnet er det største vatnet på Fitjar. Det ligg på vestsida av Fitjarfjella, rett vest for Tveitafjellet, og om lag 2 km sør for sentrum. Innsjøen ligg 6 moh. og er opp mot 5 km lang og 1 km brei på det breiaste med eit areal på 3 km². Rydlandselva og Tveitaelva er dei største elvane som munnar ut i Storavatnet. Tveitaelva dannar eit flott fossefall berre nokre meter før ho munnar ut i vatnet. Kjærelva renn det vetle stykket frå Storavatnet og ut i Hellandsfjorden. Ho er kort, men vassrik. Av andre elvar på Fitjar finn ein Årskogelva og Fitjarelva, som begge munnar ut i Fitjarvika, og Flono som munnar ut i Dåfjorden.

Rydlandssaga i Flono på Fitjar

I eldre tider vart det bygd bygdemøller ved elvane, der ein mol korn, men tidleg på 1900-talet vart dei fleste av desse nedrivne og erstatta av ei stor mølle ved Kjærelva. Ved Flono eller Sagelva vart det bygd eit sagbruk, kalla Rydlandssaga. Sagbruket står framleis der Riksveg 545 går over elva, berre nokre meter frå kommunegrensa.

Det er rikt på vatn og tjørner i Fitjarfjella. Her finn ein mellom anna Kyrkjevatnet (297 moh.), Langavatnet (311 moh.), Svartavatnet (388 moh.), Midtvatnet (367 moh.), Kinnavatnet (344 moh.), Mosavatnet (461 moh.), Botnavatnet (323 moh.), Klovskardvatnet (292 moh.), Kongskogvatnet (294 moh.) og Inste og Ytste Sørlivatnet (283 moh. og 248 moh.). Midt i Mosavatnet, som ligg midt på fjellet nedanfor Grønafjellet, ligg det ei lita øy der det veks molter. I tillegg til desse finst det svært mange mindre tjørner, som Rompetjødno.

Grender[endre | endre wikiteksten]

Strando er eit namn som vert nytta om gardane som ligg på austsida av Fitjar, langs Langenuen. Lengst nord på vestsida av Stord ligg Osterneset. Sør for Osterneset ligg sjølve grenda Fitjar, der kongsgarden ein gong låg. Vestbøstad ligg vest for sentrum, medan ein mellom Storavatnet i sør og sentrum finn gardane Vik, Nesbø og Tveita. Gardane som ligg rundt resten av Storavatnet vert kalla Øvrebygdo. Vest for Øvrebygdo ligg Koløyhamn, og ved Dåfjorden ligg Sælevik.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Det var tidlegare lite barskog på Fitjar og Stord, men derimot ein del av lauvskog. På byrjinga av 1900-talet byrja ein å plante ein del furu og gran.[3] Av skog finn ein mest bjørk, furu og gran, men òg andre tresortar som ask, raun, hatl, older, eik, osp, selje, hegg, kristtorn, haktorn, bergflette og einer.

Av fuglar finn ein dei vanlege sjø- og strandfuglane som måse, lundefugl og skarv, i tillegg til ugle, ramn, ørn, hauk, vipe, orrfugl, tiur og lom. I fjellet finn ein òg rype og heilo. Det finst mykje hjort på Fitjar og det vert drive ein del hjortejakt for å halde bestanden nede. Andre dyr som finst på Fitjar og Stord er ekorn, hare og oter. Det har vore observert røyskatt i tidlegare tider, og rev var vanleg fram til han vart utrydda med gift.[3] Den siste bjørnen på Stord skal ha vorte jaga utfor Uføro på austsida av øya der Uføretunnelen i dag ligg.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Når vinteren kommer, og nordvesten setter inn i all sin velde, naar brenningen tordner og skumsprøiten vasker i vill dans rundt øyer, holmer og skjær, da er det ikke så hyggelig å ferdes mellem dem. Men uværet skræmmer ikke fitjarbuen, tvertimot det staalsetter ham.

Jacob Åland[2]

Det står ein nedbørsstasjon på Prestbø, rett utanfor Fitjar sentrum. Den noverande stasjonen har vore i drift sidan oktober 1982, men det har vorte målt nedbør på Fitjar sidan juli 1895. September og oktober er dei våtaste månadene av året, medan april og mai er dei tørraste. På den noverande stasjonen er normalen 1610 mm i året, medan den førre stasjonen hadde ein årsnormal på 1760 mm.

Normalar for Prestbø[6] Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperaturar (°C) 1,5 1,2 2,7 5,0 9,3 12,2 13,5 13,8 11,3 8,7 4,8 2,7 7,2
Nedbør (mm) 136 103 120 79 77 92 105 131 201 200 195 171 1610

Øya Stord skil seg ut frå det normale nedbørsmønsteret på Vestlandet der det regnar mest på vestsida, medan austsida ligg i regnskuggen. På Stord regnar det nemleg mest langs ryggen av Stord, medan det kjem meir nedbør på austsida enn på vestsida. Ein meiner dette kjem av forma på Stordfjella, som går slakt oppover på vestsida og fell brått ned på austsida.[7] Børtveit, som ligg på austsida av Stord i Stord kommune, er òg representativ for austsida av Fitjar.

Normalar for Børtveit[6] Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Nedbør (mm) 266 201 228 135 125 151 159 217 348 355 357 329 2871

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldre historie[endre | endre wikiteksten]

Kongsbrønnen på Fitjar. Dette var truleg brønnen som høyrde til kongsgarden på Fitjar

Området rundt Fitjar har vore busett sidan steinalderen. På denne tida stod havet 10–15 meter høgare enn i dag, det vil seie at det gjekk inn i Storavatnet og langt opp Fitjarelva. Det milde klimaet etter den siste istida gjorde at store delar av området var dekt av skog, truleg mest eik, ask og lind, og området var rikt på vilt, hjort og villsvin.[8] Arkeologar meiner det har vore folk på Fitjar i 10 000 år, og det er gjort mange funn av steinreiskapar rundt om på Fitjar, men desse stammene var hovudsakleg omflakkande og var her berre i periodar om gongen. Ved Rimbareid vart det likevel funne ei hustuft frå steinalderen under ei gravrøys som vart undersøkt av arkeolog E. de Lange i 1906. Denne bustaden er truleg frå seint i steinalderen, men kan òg vere frå tidleg i bronsealderen sidan restane viste eit firkanta hus, medan runde hus var meir vanleg i steinalderen.

Det var først i bronsealderen, omkring 18001600 f.Kr. at det vart fast busetnad på Fitjar. På denne tida starta ein med primitivt jordbruk, og dei første gardane låg i skråningane frå Fitjar sentrum til Rimbareid rett sør for sentrum. Bronse var det einaste kjende metallet ein hadde på denne tida, og han vart stort sett frakta gjennom handel nordover i Europa frå Middelhavsområdet. Bronse kosta derfor ein formue og var sjeldan her til lands, men på Fitjar er det gjort fleire flotte bronsefunn. I ei myr på Kloster vart det funne ei bronseøks. Øksa vert rekna som eit av dei flottaste bronsefunna i Skandinavia, støypt utan ein feil og dekorert med flotte mønster av spiralar, sirklar og tungeforma figurar.[8] I tillegg er det funne eit sverd av kopar og ein kniv i ei gravrøys på Rimsvarden ovanfor Fitjar sentrum. Gravrøysa er om lag 30 meter i diameter og er ei av dei største gravrøysene i Hordaland. I følgje segna er det kong Rim som er gravlagd her, og derfor har røysa fått namnet Rimsvarden.[9] Rundt år 1790 vart grava opna, og det vart funne ei steinhelle oppå eit firkanta og fint mura gravkammer. I grava låg det ein kniv og eit sverd av bronse. Kniven er komen bort, men sverdet ligg i dag på Historisk museum i Bergen. Steinhella vart teke med til kyrkjegarden og nytta som gravstein for ein bonde frå Rimbareid, 3000 år etter ho vart nytta som gravstein på Rimsvarden.[9] I tillegg er det funne fleire andre gravrøyser på Fitjar. Alle dei storslagne funna og gravrøysene vitnar om at Fitjar truleg hadde velståande storgardar med høvdingeættar alt i bronsealderen.

I jernalderen kom det til fleire gardar og folketalet voks, men det er gjort svært få funn frå denne perioden.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Før slaget på Fitjar[endre | endre wikiteksten]

Eg såg fulle grinder hjå Fitjung-sønom, no ber dei sekk og stav.
So er gullet som glir i augo, veslast av alle vener.

Håvamål, vers 78[10]

Ei gamal storætt på Fitjar var Fitjung-sønene. Håvamål, det eldste sogeskriftet i Noreg, nemner mellom anna høvdingane i Fitjungr-ætta og at dei var særs rike, men at Fitjung-sønene, altså etterkomarane i ætta, så vart lutfattige. Årsaka til fattigdomen var at Harald Hårfagre tok eigedomane til Fitjungsønene og gjorde garden om til ein kongsgard. Fitjarætta var truleg med i kampen mot Harald Hårfagre i slaget ved Hafrsfjord, og som del av den tapande sida vart garden underlagt kongen og gjort om til kongsgard, som han gjorde med fleire av høvdingane og stormennene i Hordaland og Rogaland. Då Fitjarætta fekk fråtatt all rikdomen sin, flytta dei mest truleg til Island og oppretta nye busetnader der. Landnåmaboka nemner at ein av landnåmsmennene, Qnundr Breiðskeggr, slo seg ned mellom Hvilá og Reykjadalsá i BorgarfjörðurIsland, og at han ætta frå Ulfr fitjumskeggi, altså den skjeggete frå Fitjar. Landnåmaboka nemner òg fem ætteledd: Þorir hlamandi (om lag 890), sonen Ulfr fitjumskeggi (om lag 920), sonen Ulfarr (om lag 950), sonen Qnundr breiðskeggr (om lag 980) og sonen Tungu-Oddr, som var høvding på Island om lag 1010. Alle desse var av Fitjungætta og i lag med Gudingeætta på Huglo og Waringeætta på Varaldsøy må dei ha vore av dei rikaste ættene i Hordaland[10].

Både Heimskringla og Egilssoga nemner at Harald Hårfagre budde på Fitjar i periodar. Frå her kunne han halde oppsyn med dei argaste motstandarane sine i landet, som heldt til i Hordaland og Rogaland, i tillegg til at Sørvestlandet var første stad eventuelle fiendar ville kome frå vest og sørvest. Det er ikkje utenkjeleg at det var her han møtte kvinna Tora Mosterstang, som vart mor til Håkon den gode. Namnet hennar tyder på at ho kom frå Moster, ein av nabogardane til Fitjar[10]. Håkon heldt seg òg mykje på kongsgarden.

Slaget på Fitjar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Slaget på Fitjar.

Håkon hadde tidlegare drive bror sin Eirik Blodøks ut av landet, og medan han var i gjestebod på kongsgarden kring år 961, gjekk sønene til Eirik, Eirikssønene, til åtak i det som i ettertid er kjent som slaget på Fitjar, der Håkon fekk banesåret han seinare døydde av. Slaget fann stad i området der kyrkja i dag står og vestover til Skålevik, like vest for sjølve sentrum.[10]. Håkon drog bort frå Fitjar og gjekk i land på Håkonshella, der han vart fødd. Like før han døydde bad han nordmennene om å godta Eiriksønene som sin etterkommar. Håkon lét nokre av mennene sine vere att på Fitjar for å gravlegge dei falne. Skikken i dei dagar var at fienden skulle gravleggast så langt borte som mogeleg frå kongsgarden. Kongen eigde ein del av Fitjarøyane, og øya som låg lengst borte var Risøya. Her kan ein framleis sjå restane etter gravfeltet. Kongen sine menn vart gravlagd nærare kongsgarden, på Skumnes, der det vart reist bautasteiner for dei falne.[11]

Etter slaget på Fitjar[endre | endre wikiteksten]

Fitjar kyrkje og området der kongsgarden låg.
Utsyn over Fitjarvika.

Fitjar heldt fram som kongsgard òg etter at Håkon den gode døydde og vart nemnt i sogene att under Olav II si regjeringstid. Erling Skjalgsson var den mektigaste mannen på Sørvestlandet. Han heldt til på Jæren, var gift med systera til Olav Trygvasson og rådde over eit område heilt frå Lindesnes til Sogn. Olav II meinte at Erling hadde fått for mykje makt og kom ikkje til lags med han. Han fekk derfor Aslak, ein av dei beste venene sine, til å busetje seg på kongsgarden på Fitjar for at han skulle ta over makta i dette området. Han fekk namnet Aslak Fitjaskalle (som tyder Fitjarbonde). Aslak var òg av storætt og var tremenningen til Erling Skjalgsson. Erling likte lite at Aslak skulle ta over delar av områda han rådde over, og Olav kalla til slutt begge til Tønsberg, der dei vart einige om at Erling skulle få halde fram som før. Erling drog heim til Jæren og Aslak heim til Fitjar. Forholdet mellom Erling og kong Olav vart derimot konfliktfylt, og då Olav skulle segle nordover, forbi Jæren, møtte Erling han til kamp. Sjølv om Erling hadde fleire skip enn kongen, klarte mennene til kongen å vinne slaget, som stod i Soknasundet. Det vert sagt at Erling var sistemann som stod att då Olav sa: «Du snur andlet mot oss i dag, Erling?» og Erling svara: «Andlet mot andlet skal ørner klorast». Olav spurte Erling om han ville gå i hans teneste, noko han takka ja til. Olav stakk så spissenden av øksa inn i kinnet på Erling og sa: «Merkja skal eg kongssvikaren!» Då sprang Aslak Fitjaskalle fram og kløyvde skallen på Erling med sverdet sitt og Olav sa: «No hogg du Noreg av handa mi!», og meinte med det at Erling var så viktig at dette kunne kome til å koste Olav trona. Aslak vart likevel tilgjeven av Olav, og ein meiner at årsaka til at Aslak hadde så stor hugnad hos Olav var at det truleg var han som reiste den fyrste kyrkja på Fitjar[10].

Fitjar heldt fram som kongsgard òg i tida etter dette, men ein høyrer lite om Fitjar i sogene. Snorre nemner at kong Svein Alfivason i 1035 heldt seg i Sunnhordland, og truleg budde han då på Fitjar, som var den einaste kongsgarden i området. Då han fekk høyre at Magnus Olavsson hadde vorte teken til konge av trønderane på Øyrating, sende han bod til bygdene om å møte hos han for å avgjere om dei skulle gå til strid mot Magnus eller ikkje. Dette tinget vart truleg halde på kongsgarden på Fitjar[10].

I 1198 segla kong Sverre frå Bergen med 30 skip sør til Selbjørn (Salbirne). Her fekk han høyre at baglarane var på veg nordover, og det oppstod kampar mellom dei to flåtane i Selbjørnsfjorden utan at det kom til nokon avgjerd. I 1207, då det var strid mellom birkebeinarane og baglarane, kom baglarane med flåten sin frå Bergen til Bårdsund mellom Reksteren og Tysnesøy, og dagen etter låg dei i le for sønnavinden ved Hvistvíkr før dei møtte birkebeinarane til kamp i Eldøysund på sørsida av Stord. Enkelte sogeforskarar meiner at Hvistvíkr er ei vik nær Leirvik på Stord, men det er meir truleg at det var snakk om garden Vestvik på austsida av Stord på Fitjar. Her er ei stor vik som gjev god livd mot sønnavinden.

Under Håkon Håkonsson sitt styre i 1240 vert det nemnd at «Fitjarbranden» var mellom hærskipa til kongen då han hadde fått høyre at hertug Skule hadde teke kongsnamn på Øyrating. Etter denne tid høyrer ein ikkje meir til Fitjar i sogene. Frå Olav Kyrre si tid vart maktsenteret i landet flytta frå Sørvestlandet til Bergen og frå 1300-talet til Oslo og Austlandet fram til danskane tok over på 1400-talet.

Historikaren P.A. Munch skreiv i boka Historisk geografi beskrivelse over Kongeriket Norge at skipet som førte liket til kong Håkon Håkonson heim til Noreg først gjekk i land i Sælavikjo, som sidan var ein husmannsplass under garden Hovstad.[12]. Kongeskipet låg her ei stund medan det gjekk bod fram og attende til Bergen, der dei gjorde førebuingar for å ta i mot kongen. Kongsgarden på Fitjar i nærleiken var truleg til god hjelp. Det har mest sannsynleg vore eit sælehus i vika i mellomalderen, der reisande kunne overnatte. I følgje soga var det 3-4 slike sælehus mellom Bergen og Stavanger. Sælavikjo ligg ved den gamle skipsleia gjennom Stokksund.

Klosterveldet[endre | endre wikiteksten]

På 1100-talet vart det grunnlagd to kloster i Sunnhordland, Lyse kloster og Halsnøy kloster. Lyse kloster vart grunnlagt av biskop Sigurd frå Bergen i 1146 og var det eldste cisterciensarklosteret i Noreg. Det vart likevel ikkje nemnt i kongssogene, truleg fordi det låg for langt unna seglingsleia.[13] Klosteret dreiv mykje med handel, mellom anna med engelskmennene, og vart snart velståande. Dei eigde eit stort jordegods med gardar rundt om i Sunnhordland, inkludert Fitjar der dei eigde gardane Blænes, Vestbøstad, Nesbø, Skålevik, Hjelmen, Kjeholmen, Glopholmen og Gloppen, i tillegg til ein del av Helland.[13]

Halsnøy kloster låg på øya Halsnøy i Kvinnherad kommune. Det vart visstnok grunnlagt av Erling Skakke i 1164 då sonen Magnus vart krona til konge. Klosteret var vigsla den heilage ande. Klosteret eigde òg mange gardar i Sunnhordland, og på Fitjar heile 12. Desse var Eide, Nore-Raunholm, Hageberg, Hovland, Vestvik og Øvre-Levåg ved Langenuen, der det vart kort veg til Halsnøy som ligg ved sørenden av Langenuen, og Landa, Skumsnes, Litlenes, Litle Tuftaland og Tveit, i tillegg til delar av Tveita.[13]

Begge klostera vart lagde ned i 1536 i samband med reformasjonen, og jordegodset kom inn under krona. Godset vart halde samla som eit kongeleg len, som mot avgift vart leigd ut til «lensherrar».

Dansketida[endre | endre wikiteksten]

Under krigen mellom Noreg og Hansabyane i 1338 herja tyskarane opp etter vestlandskysten og det er òg grunn til å tru at dei plyndra på Fitjar, som låg midt i seglingsleia.[14] I Kristian II si regjeringstid (15131523) vart det dårlege tider for folket i Noreg. Han dreiv krig mot Sverige, og det vart stadig kravd høgare skattar for å styrke krigskassen. Dei som betalte skatt vart førte opp i skattemanntal som framleis er bevarte, og som dermed er dei eldste sikre kjeldene om gardar og folk og dei økonomiske tilhøva deira frå denne tida. Dei harde skattane, og særleg tiendpengeskatten, førte til fleire opprør på Vestlandet.

I 1560-åra var det krig med Sverige att — den nordiske sjuårskrigen —, der svenskane tok Hamar og Trondheim og ønskte å halde fram mot Vestlandet. Erik Rosenkrantz i Bergen sanka så saman folk frå byen og bygdene og ein væpna styrke på 4000 mann reiste nordover, tok att Trondheim og Trøndelag og jaga svenskane ut av landet. Det var fleire frå Sunnhordland og Fitjar med i styrken.[14] I lange periodar frå 1611 til 1720 tok danskane Noreg ut i krig og bøndene leid så hardt at fleire gardar på Fitjar vart nedlagde.

Gjennom mellomalderen var Fitjar framleis kongsgard, men kongen budde aldri her sjølv og leigde ut garden til adels- eller embetsmenn mot ei lita avgift.

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

På grunn av pengemangel vart kongsgarden løyst frå krona i 1665 og seld som sjefsgard for sjefane over Sunnhordlandskompaniet, og den første som budde her var oberstløytnant Jacob Pederson Due frå Danmark. Ole Mikkelsen Tosche, ein kjøpmann frå Bergen, kjøpte godset i 1744, men kom i pengemangel og la det ut for sal i 1761. Fitjarbøndene, som var leiglendingar, hadde førsteretten på garden. Salomon Årskog, faren Knut Rimbareid og svogeren Jakob Vinnes var pengesterke menn og reiste til Bergen for å gjere handel. Etter mykje forhandlingar kjøpte dei godset for 800 riksdalar. Den 5. mai vart det gjort avtale om at fitjarbøndene skulle få sitje på gardane sine på livstid, men dei måtte framleis betale leige til eigarane[15] før dei etter kvart kjøpte seg ut.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Fitjar 1709-1960 (inkludert områda på Selbjørn og Huftarøy).
1709 1801 1815 1825 1835 1845 1855 1865 1875 1880 1890 1900 1910 1920 1930 1946 1950 1960
997 1163 1159 1430 1665 1845 2188 2313 2334 2276 2334 2408 2502 2654 2832 3036 3083 3183

I 1970 var det 2 499 innbyggjarar i Fitjar kommune, som då ikkje lenger omfatta områda på Austevoll.

Gamle handelsstader[endre | endre wikiteksten]

Det var tidlegare tre handelsstader på Fitjar (fire inkludert Bekkjarvik i Austevoll, som fram til 1964 var ein del av Fitjar). Mange av bygningane her er bevarte og gjev eit flott bilete frå den gamle kystkulturen. På handelsstadene var det òg gjestgjeveri. Det var først seinare at Fitjarsjøen vart handelsstad.

Færøysund, Bekkjarvik, Engesund og Brandasund låg alle lagleg til ved seglingsleier med mykje trafikk og hadde trygge og lune hamner og ankringsplassar. Dei eldste av desse er Bekkjarvik på Selbjørn og Engesund på Engesundsøya som ligg på kvar si side av den vêrharde Selbjørnsfjorden. Skipsfarten har truleg fare forbi desse to stadene så lenge han har eksistert i området. Derfor var det naturleg å skipe gjestgjeveri og handelsstader her. I Bekkjarvik har det truleg vore handelsstad sidan mellomalderen, og han vart truleg brend av hanseatane i 1338. Bekkjarvik er òg fleire gonger nemnd i sogene. Brandasund, som ligg på Gisøya lenger ute i Fitjarøyane, kom til noko seinare og høyrer i dag til Bømlo kommune. Færøysund ligg på austsida av Stord, like i nærleiken av Sandvikvåg.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 545 går gjennom Fitjar sentrum

Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, går på austsida av øya, medan Riksveg 545 går på vestsida, gjennom Fitjar sentrum. Fitjar sentrum ligg om lag ein 7 minutts køyretur frå Sandvikvåg, som har ferjesamband nordover til Halhjem i Os og Husavik i Austevoll.

Sørover tar det i overkant av ein time å køyre til Haugesund. Stord Lufthamn ligg om lag 20 minutt sør for Fitjar sentrum. Derifrå er det flysamband til Oslo fire gonger dagleg.

Den første vegen på Fitjar gjekk frå Gloppevåg til Sandvikvåg og vart bygd i 1870-åra[3]. I 1887 stod vegen frå Fitjarsjøen (Fitjar sentrum) til Vik ved Storavatnet ferdig. Han vart seinare bygd vidare til Rydland og i 1910 til Dybvik i Stord, som då vart det første vegsambandet frå nord til sør på Stord. Vegen på den brattare og meir kuperte austsida av Stord vart først bygd i 1930-åra.

Sjøtransport[endre | endre wikiteksten]

Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) starta ruter til Fitjar i 1872. Stoppestaden var då ved Engesund i Fitjarøyane, som på den tida var ein livleg handelsstad. Skipa som trafikkerte ruta var DS «Vikingen» og DS «Søndhordland» med to avgangar i veka, ein mot nord og ein mot sør. Etter kvart tok Fitjarsjøen (som i dag er Fitjar sentrum) over rolla som sentrum i Fitjar, og båtane byrja så å legge til begge stader, og etter kvart òg andre stader.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Fitjar rådhus

Kommunestyret i Fitjar har 17 representantar. Etter kommunevalet hausten 2007 har Arbeidarpartiet og Høgre fire representantar kvar, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet har tre kvar, medan Venstre, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti har ein representant kvar.

Ordførar for perioden 2007-2011 er Harald Rydland frå KrF, medan Gisle Levåg frå Høgre er varaordførar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Rimbareid barne- og ungdomsskule

Fitjar kommune har ein barne- og ungdomsskule, i tillegg til to mindre barneskular og ein vidaregåande skule.

Barne- og ungdomsskular[endre | endre wikiteksten]

Rimbareid barne- og ungdomsskule ligg like ved Fitjar sentrum, og dei første bygga vart reist i 1954, medan siste tilbygg vart oppført i 2009. Skulen har om lag 350 elevar og 60 tilsette.

Øvrebygda skule er ein barneskule om lag 9 km sør for Fitjar sentrum. Han har om lag 50 elevar og om lag 15 tilsette.

Sælevik skule er ein barneskule sør for Fitjar, nær kommunegrensa til Stord. Han har 30-40 elevar.

Fitjar vidaregåande skule[endre | endre wikiteksten]

Fitjar vidaregåande skule

Fitjar vidaregåande skule har tradisjonar heilt tilbake til 1877, då Fylkesskulen starta. Frå 1933 vart skulen husmorskule, og på folkemunne vert den vidaregåande skulen stundom framleis omtalt som «Husmorskulen».

I dag har skulen kurs i helse- og sosialfag, restaurant- og matfag og design- og handverksfag, samt allmennfagleg påbygg.

Tidlegare krinsar[endre | endre wikiteksten]

Det var lenge dårleg med undervisning på landsbygda i Noreg, og dette gjaldt for Fitjar og Sunnhordland òg. I 1739 vart det gjeve ut kongebod om at det skulle skipast skular i bygdene for born frå dei var sju år og fram til konfirmasjonen, slik at dei lærte å lese og fekk opplæring i kristendomslære. På Fitjar vart det då skipa fem skulekrinsar, og i 1862 vart dette utvida til 15 krinsar (inkludert tre på Austevoll). Med nye skulelover i 1891 vart talet 14 krinsar.

Kultur og idrett[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjene på Fitjar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fitjar kyrkje.
Fitjar kyrkje med Håkonarparken og statuen av Håkon den gode i føregrunnen
Fitjar idrettspark

Den første kyrkja på Fitjar var frå 1100-talet, og truleg bygd i tilknyting til kongsgarden. Kyrkja skal ha vore mykje lik Moster gamle kyrkjeMosterBømlo, den eldste kyrkja i Noreg, men kyrkja på Fitjar skal ha vore større. Ho var av stein med kyrkjehus, kor av mur og våpenhus i tre. Den gamle steinkyrkja vart riven i 1860-åra, og den noverande trekyrkja vart bygd på same staden i 1867. Stein frå den gamle kyrkja vart nytta som steingard rundt kyrkjegarden.[16]

Japanske Nobukazu «Nobu» Imazu er kyrkjelydsprest på Fitjar. Han er den første japanaren som er ordinert i Den norske kyrkja.[17] Sokneprest er Olav Johannes Oma.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fitjar Idrettslag er det største laget i bygda. Laget har om lag 560 medlemmer og vart skipa 6. mars 1949. Fotball utgjer størstedelen av idrettslaget, men det har òg grupper for handball, turn, friidrett, bordtennis og orientering.

Fitjar Idrettspark er ein komplett fotball- og friidrettsarena med internasjonale mål. Grasbanen vart teken i bruk i 1990, og i 1998 fekk anlegget nytt klubbhus, garderobeanlegg og tribunar. I 2001 vart det bygd eit kultur- og idrettsbygg, bygget inneheld idrettshall, kultursal med plass til 300 i amfi, treningssenter, klasserom, bibliotek, frivilligsentral og kulturkontor. Idrettsparken har òg anlegg for handball og friidrett og ligg om lag 1 km nord for Fitjar sentrum. Dei milde klimatilhøva på Fitjar gjer at banen er av dei tidlegaste i området med grønt gras. Dette har gjort at tippeligaklubbar stundom har spela treningskampar her på våren, før Tippeligaen har kome i gang.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Fotballgruppa til Fitjar IL består av A-laget for herrar, eit 2. lag og eit 7er lag for kvinner. I tillegg er det 18 aldersbestemte lag. A-laget vann i 2002 avdelinga si i 5. divisjon og rykte direkte opp i 3. divisjon etter å ha vunne avdelinga si i 4. divisjon i 2003. I 2004 var dei derimot tilbake igjen i 4. divisjon, før dei på ny rykte opp i 3. divisjon til sesongen 2007. Her enda dei på sisteplass og spelte i 2008 i 4. divisjon att. Sesongen 2008 vart og ein nedtur og laget har sidan 2009 spelt i 5. divisjon.

Årskog museum[endre | endre wikiteksten]

Årskog museum er ein gamal vestlandsgard som eigarane testamenterte til kommunen i 1980 etter at garden hadde vore i same slekta i om lag 400 år. Bygningane på garden viser kombinasjonen av jordbruk og fiske som var vanleg i kyst-Noreg frå om lag 1850 til 1950. Låven på garden er truleg frå 1841; medan naustet først vart nemnd i 1794, men det kan vere mykje eldre. Museet har ei eineståande samling med tekstilar som viser klede som vart nytta av familien til kvardag og fest gjennom 100 år.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Fitjar Mekaniske Verkstad. Hovudbygget til Vik-Sandvik Group ligg rett attom.

Fiske og jordbruk har i alle tider vore hovudnæringa til innbyggjarane på Fitjar. Innbyggjarane brukte å segle til Bergen med poteter og Fitjarpoteta var kjend for den gode kvaliteten hos bergensarane. Etter kvart har derimot industrien tatt meir over, men framleis er det mange bønder på Fitjar som hovudsakleg held mjølkekyr eller sau.

Aker Stord har vore ei hjørnesteinsbedrift for heile øya Stord, inkludert Fitjar, og mange av innbyggjarane i Fitjar pendlar til Stord. Fitjar har òg sitt eige næringsliv med verksemder som skipsingeniørfirmaet Vik-Sandvik Group, Sjøtroll Havbruk si avdeling Fitjar Laks og Fitjar Mekaniske Verkstad AS.

Vik-Sandvik AS vart oppretta i 1975 med hovudkontor på Fitjar. Her vert det teikna fiskebåtar og forskings-, offshore- og seismikkfartøy, og i tillegg planar for fartøy som skal byggjast om. Selskapet er eit av dei største sjølvstendige skipsingeniørfirmaa i verda og har mellom anna kontor i Polen, Serbia, Brasil og India.

Fitjar Kraftlag vart stifta 10. april 1935 og syter for straum til Fitjar. Selskapet er 90 % privateigd, medan Fitjar kommune eig 10 %. Kraftlaget driv to kraftstasjonar, den opphavlege i Årskog og ein på Rimbareid som opna i 2001. I 2006 produserte kraftlaget 5,1 GWh straum, medan det i 2004 vart produsert 6,9 GWh. Fitjar Kraftlag eig i lag med DONG Energy selskapet Midtfjellet Vindkraft, som skal byggje ein vindmøllepark på Midtfjellet på Fitjar. Trass i store protestar frå lokale innbyggjarar vart reguleringsplanen stadfesta 25. oktober 2007. Parken vil truleg bestå av 35-40 møller over eit område på 15 km², kvar med ei høgd på 145 meter. Totalt vil vindmøllene truleg produsere 450 GWh i året, som tilsvarar straumforbruket til om lag 22 000 menneske, meir enn på heile øya Stord. Fitjar Kraftlag har òg bygd ut breiband til heile bygda, som vart den første i landet med full breibandsdekning[18]. Utbygginga vart gjort heilt utan statsstøtte.

Kraftlaget held til i Årskog Industriområde, der det som skulle verte den einaste batterifabrikken i landet vart bygd i 1980-åra. Ein brann i bygget førte derimot til at selskapet gjekk konkurs før eit einaste batteri vart produsert.

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) er ei avfalls- og attvinningsverksemd som held til i Svartasmoget på Fitjar. Dei er ansvarleg for avfallshandsaminga i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. SIM vart skipa i 1990 og handsamar avfall frå 55 000 innbyggjarar og 15-20 000 hytteeigarar i desse kommunane. Medan Bergen kommune bygde nytt forbrenningsanlegg i Rådal tok Svartasmoget imot alt avfall frå Bergen mellom oktober 1995 og september 1999. Avfallet vart køyrt i trailer på trailer kvar einaste vekedag. Dette tente selskapet godt på og det vart mellom anna gjeldfritt og kunne gjere nye investeringar mykje tidlegare enn planlagt. Dette førte òg til at fleire vegstykke langs Riksveg 545 frå Sandvikvåg til Svartsmoget vart opprusta, mellom anna for å kunne handsame den auka trailertrafikken. Dette nyt kommunen godt av i dag.

Av andre næringar på Fitjar finn ein mellom anna Fitjar fjordhotell, Fitjar Betong Industri og entreprenørfirmaet Engevik og Tislevoll med om lag 60 tilsette.

Kjende fitjarbuar[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oluf Rygh. «Norske Gaardnavne». Henta 14. desember 2007. 
  2. 2,0 2,1 Jacob Aaland (1933). «Ett og annet om Fitjar og Fitjarbuen». Fitjar. Sandane: R Søreides Prenteverk. s. 23. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Jacob Aaland (1933). «Bygdeskipnad og Bygdesoga». Fitjar. Sandane: R Søreides Prenteverk. s. 8-20.  [Kapittelet er skrive av overlærar B. Sørfonden]
  4. «Fitjarøyane på Bergen Turlag». Henta 17. oktober 2007. 
  5. «Er kommuneplan eit alternativ til nasjonalpark?». Henta 17. oktober 2007. 
  6. 6,0 6,1 eklima på met.no (krev gratis brukarkonto)
  7. Idar Barstad (2006). «Nedbør på Vestlandet» (PDF). PDF. Henta 1. november 2007. 
  8. 8,0 8,1 Jacob Aaland (1933). «Fitjar i Hedensk Tid». Fitjar. Sandane: R Søreides Prenteverk. s. 23.  [Kapittelet er skrive av dr. Johannes Bøe]
  9. 9,0 9,1 «Fottur på Fitjar» (PDF). Henta 17. oktober 2007. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 Jacob Aaland (1933). «Fitjar i soga». Fitjar. Sandane: R Søreides Prenteverk. s. 62-83. 
  11. «Gravfelt etter slaget på Fitjar». Henta 17. oktober 2007. 
  12. Historisk geografi beskrivelse over Kongeriket Norge s. 116. Av P.A. Munch
  13. 13,0 13,1 13,2 Jacob Aaland (1933). «Fitjargods kjem under klostervelde». Fitjar. Sandane: R Søreides Prenteverk. s. 84-87. 
  14. 14,0 14,1 Jacob Aaland (1933). «Fitjar i dansketidi». Fitjar. Sandane: R Søreides Prenteverk. s. 89. 
  15. «Då Fitjar-bøndene kjøpte kongsgarden». Henta 17. oktober 2007. 
  16. «Gamal kongsgard». Henta 17. oktober 2007. 
  17. «Fyrste japanske prest i kyrkja». Henta 5. november 2007. 
  18. Fitjar først med full dekning - nationen.no, arkivert frå originalen 3. juni 2008, henta 15. desember 2007 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

59°55′6.4″N 5°19′9.2″E / 59.918444°N 5.319222°E / 59.918444; 5.319222