Five Leaves Left

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Five Leaves Left
Studioalbum av Nick Drake
Språk engelsk
Utgjeve 3. juli 1969[1]
Innspelt Juli 1968 til juni 1969
Studio Sound Techniques i London i England
Sjanger Folk[2]
Lengd 41:43
Selskap Island
Produsent Joe Boyd
Nick Drake-kronologi 
Five Leaves Left Bryter Layter
(1971)


Five Leaves Left var det første av tre album av den britiske musikaren Nick Drake. Det vart spelt inn mellom 1968 og 1969, og gjeve ut i 1969 på Island.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Five Leaves Left vart spelt inn mellom juli 1968 og juni 1969 i Sound Techniques i London i England. Lydteknikaren John Wood hugsa at «Drke spelte songane live, og song og spelte i lag med strykeseksjonen» utan noko bruk av overdubbing. For songen «River Man» skildra Joe Boyd at Drake sat på ein stol og spelte midt i studioet omgjeve av ein halvsirkel av instrument.

Blant musikarane som akkompagnerte Drake var Richard Thompson frå Fairport Convention og Danny Thompson frå Pentangle. Robert Kirby, ein ven av Drake frå ungdomen, arrangerte styrkeinstrumenta på fleire spor, medan Harry Robinson arrangerte strykarane på «River Man».[3]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på albumet skal vere frå ei melding som var inni sigarettpapiret Rizla, som åtvara folk om at det berre var fire papir igjen.[4]

Det har også vore spekulert i om namnet kjem frå O. Henry-novella The Last Leaf, der ei kvinne seier at ho kan døy lykkeleg når alle blada på treet hennar har falle. Ho seier deretter at det ikkje er lenge til det berre er fem blad igjen på treet. Samuel Beckett sitt teaterstykkje Mens vi venter på Godot, der handlinga skjer under eit einsamt tre ved ein landeveg, inneheld linja «The tree has four or five leaves».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[5]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[6]
Entertainment WeeklyA[7]
Pitchfork9.5/10[8]
Q4/5 stars
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[9]
Uncut4/5 stars

Meldingane då albumet kom ut var blanda. Ei kort melding i Melody Maker diskuerte opphavet til albumtittelen og la berre til: «Det høyrest poetisk og ut det same gjer komponisten, songaren og gitaristen Nick Drake. Debutalbumet hans for Island er interessant.»[10] Gordon Coxhill i NME skreiv at han var skuffa over plata: «Eg er lei meg for at eg ikkje kan vere meir entusiastisk fordi han har heilt klart ein del talent, men det er ikkje nok variasjon på denne debutplata til at det vert underhaldande. Stemma hans minner meg om Peter Sarstedt, men songane hans manglar Sarstedt si gjennomslagskraft og fengslande kvalitet.»[11] Ei melding av Maurice Rosenbaum i The Daily Telegraph var meir positiv og skildra plata som «ei glimande plate med Drake sine eigne songar».[12]

Fram til 1990-åra vart platene til Drake stort sett gløymde, men då platene vart ommastra i 2000 og gjevne ut på ny kom det positive meldingar i musikkpressa.

Five Leaves Left har ofte vore med på lister over dei beste albuma gjennom tidene. Albumet vart rangert på 283. plassen på den originale lista til Rolling Stone rå 2003 over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[13] På den oppdaterte lista frå 2012 var derimot plata heilt ute av lista. NME rangerte ho på 258. plasse i 2013 på si liste over dei 500 beste albuma.[14] Ei liste over dei 200 beste albuma gjennom tidene i Uncut i 2016 sette albumet på 183. plassen.[15]

På ei liste over dei 100 beste debutalbuma gjennom tidene i Uncut i 2006 vart Five Leaves Left rangert på 29. plassen.[16] Plata var òg ed på ei liste over «Debutalbum som endra musikken» i magasinet Q i 2017.[17] På ei liknande liste i 2007 i Mojo kalla «100 plater som endra verda», vart Five Leaves Left rangert på 78. plassen.[18] Albumet er òg i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Nick Drake.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Time Has Told Me»4:27
2.«River Man»4:21
3.«Three Hours»6:16
4.«Way to Blue»3:11
5.«Day Is Done»2:29
Side B
Nr.TittelLengd
6.«Cello Song»4:49
7.«The Thoughts of Mary Jane»3:22
8.«Man in a Shed»3:55
9.«Fruit Tree»4:50
10.«Saturday Sun»4:03

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Drake, Gabrielle, Nick Drake: Remembered For A While, Little, Brown and Company, 2014.
  2. «20 Best Folk Music Albums of All Time». NME. Time Inc. UK. 7. juni 2016. Henta 20. april 2019. 
  3. Jones, Chris (2007). «Review of Nick Drake's Five Leaves Left». BBC News. 
  4. «Five Leaves Left - Nick Drake». www.nickdrake.com. Henta 20. april 2019. 
  5. Raggett, Ned. «Five Leaves Left - Nick Drake: Songs, Reviews, Credits, Awards: AllMusic». Allmusic. Henta 20. april 2019. 
  6. Larkin, Colin, red. (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  7. Entertainment Weekly, 12. mai 2000, s. 24 
  8. Greene, Jayson (22. januar 2014). «Nick Drake: Tuck Box: Album Reviews: Pitchfork». Pitchfork. Henta 20. april 2019. 
  9. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 257. ISBN 978-0-74320-169-8. 
  10. «Reviews». Melody Maker. 26. juli 1969. 
  11. Coxhill, Gordon (4. oktober 1969). «LP Page». NME: 14. 
  12. Rosenbaum, Maurice (13. oktober 1969). «Recent Records». The Daily Telegraph. s. 14. 
  13. «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone (937): 83–179. 11. desember 2003. 
  14. «The 500 Greatest Albums of All Time». NME. 26. oktober 2013. Henta 5. februar 2018. 
  15. «200 Greatest Albums of All Time». Uncut (225). February 2016. 
  16. «100 Greatest Debut Albums». Uncut (111). August 2006. 
  17. «100 Greatest Debut Albums». Q (370). April 2017. 
  18. «100 Records That Changed the World». Mojo (163). June 2007. 
  19. Dimery, Robert, red. (2016). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Cassell Illustrated. ISBN 978-1-84403-890-9.