Fivefondet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Five-fondet er eit norsk fond som vart oppretta av skyttarlagsorganisatoren Olav Five våren 1916, stadfesta av Sosialdepartementet 1. april 1917. Frå ein middel på 2 550 kr. dengong, ligg det i dag jamleg på 150 000 kr.

I §1 i Grunnreglar for Fivefondet står det:

Fondet hev til fyremål å stydja medlemer av Studentmållaget til å få gjeve ut skrifter, serleg umsetjingar av framande bokverk eller arbeid um framande bokverk og bokmenner på norsk [nynorsk].(...)

Det er berre medlemer av studentmållag som kan søkje fondet om tilskot.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]