Fjærelo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjærelo

Status i verda: EN Sterkt truga

Fjærelo, hannfuglFoto: Wikipedia-brukar Gusmonkeyboy, engelsk Wikipedia
Fjærelo, hannfugl
Foto: Wikipedia-brukar Gusmonkeyboy, engelsk Wikipedia

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Charadriidae
Slekt: Thinornis
Art: T. novaeseelandiae
Vitskapleg namn
Thinornis novaeseelandiae

Fjærelo (Thinornis novaeseelandiae), maori: 'tuturuatu', er ein liten vadefugl i lofamilien, og er endemisk til Chathamøyane, New Zealand. Arten er truga, estimat for gjenlevande individ per 2009 er 250 til 330.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei tettbygd lo på 20 cm i kroppslengd, og ho veg ca. 60 gram. Ho har kvit underside og brun overside. Hannar har ei svart maske frå panne og strupe, over auga og bak til nakken med kvit ring over og ei brun krope på toppen.

Fjæreloa hekkar på to mindre øyar ved Pitt Island i Chathamøyane, dei er standfuglar som streifar i liten grad til næraste øyar som Pitt Island. Arten har tidlegare levd både på Nordøya og Sørøya, men blei utrydda før 1871. Det føregår arbeid med å gjeninnføre arten på predatorfrie øyar ved hovudøyane og på fleire øyar i Chathamøyane.

Arten er territorial i hekkesesongen, men fjæreloer kan samlast i små flokkar for beiting elles. Føda er allsidig og inkluderer krepsdyr, edderkoppar, blautdyr som muslingar og insekt.

Fjæreloa treng skjul for reiret under tett vegetasjon, under stein eller bergoverheng ved sjøkanten. Hekketida er frå oktober til januar. Storleiken på kullet er typisk tre egg som treng 28 dagar til klekking. Ungane er flygedyktige etter 36 til 55 dagar. Vanlegvis er fuglane tre år når dei startar første hekkesesongen og dei kan nå ein alder på over 20 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjærelo