Fjørå

Koordinatar: 62°17′36.2″N 7°18′57.9″E / 62.293389°N 7.316083°E / 62.293389; 7.316083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjørå sett frå Tafjorden, fjell i Valldal bak

Fjørå (eller Fjøra[1]) er ei lita bygd i Fjord kommuneSunnmøre. Til Fjørå reknar ein Selboskarbygda (med gardane Selboskar/Sjølbøskor, Hauge, Ruset, Ytterli og Sætra) og busetjinga ved nede fjorden (Vika og sjølva Fjørå). Den vesle tettstaden ved fjorden vart og kalla Haugsbukt fordi området blir rekna til garden Hauge.[2] Fjørå går frå Fjøretunnelen (mellom Sylte i Valldal og Vika) til Tafjordtunnelen, og til heia mot Valldal. Før Fjøretunnelen opna var innbyggjarane avhengige av båt. Fjørå fekk store skadar i Tafjord-ulukka i 1934, 17 personar omkom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Faktaark, Kartverket, henta 31. oktober 2017 
  2. Helland, Amund (1911): Topografisk-statistisk beskrivelse over Romsdals amt. Annen del. Oslo: Aschehoug, s.366.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

62°17′36.2″N 7°18′57.9″E / 62.293389°N 7.316083°E / 62.293389; 7.316083