Myting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fjørfelling)
Lirypa (Lagopus lagopus) vekslar mellom kamuflerande fjørdrakter med myting

Myting eller fjørfelling hos fuglar er ein prosess der gamle fjør fell av og nye fjør veks ut.

Ferdig utvakse fjører er daude strukturar som gradvis vert slitne og treng fornying. Dei fleste fugleartar bytar ut fjørene kvart år, sjølv om enkelte artar myter to eller fleire gonger i året og store rovfuglar kan la det gå fleire år mellom kvart fjørskifte. Hos mange artar medfører mytinga skifte av fjørdrakt.

Skildring av myting[endre | endre wikiteksten]

Skisse av fjør på veng av sporvefugl sett ovanifrå. Hovudgrupper av fjør er farga i figuren. Svingfjørene (grønt) er dei største fjørene og er synlege bakerst. Frå kroppsida og utover i tre grupper: Tertiærer, armsvingfjør og handsvingfjør. Lengst fram er dekkfjørene (raudt) med handdekkfjør ytst og deretter små, mellom og stordekkfjør inst.

Mønstret i mytinga varierer frå art til art. Sporvefuglar myter flygefjørene ved å byte ut ei fjør om gongen. Hovudmønsteret er at primære svingfjører vert byta frå inste fjør og utover, medan sekundære fjører vert byta ut frå ytste og innover. Dei startar med den inste primære. Når den femte av dei seks primære fjørene blir erstatta, startar dei ytste tertiære fjørene å falle av. Når dei inste tertiære er mytt, vil dei inste sekundære begynne å felle, og dette held fram til den ytre fjøra, ei sentrifugal myting. Dei store primære handdekkfjørene vert byta ut synkront med primærfjørene som dei overlappar.

Eit lite tal av artar, som ender og gjæser, mister alle flygefjørene samstundes og manglar derfor flygeevne i perioden medan nye fjører veks ut.

Halen[endre | endre wikiteksten]

Som ein generell regel, starar mytinga av halefjørene med det inste paret. Dette mønsteret ser ein til dømes hos sporvefuglar. Blant fasanar kan ein observere sentripetal myting av halefjørene, det vil seie prosessen startar med det ytste paret. Hos spettefamilien og trekryparar er rekkjefølgja annleis. Dei startar mytinga med det nest inste halefjørparet og sluttar med det sentrale paret. Medan halefjørene myter er halen likevel fullt funksjonell som stø når fuglen kryper eller arbeider på trestammar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Første versjon av denne artikkelen er basert på ei omsetjing av delar av 'Feathers, plumage, and scales' frå artikkelen Bird frå Engelsk Wikipedia den 5. april 2009. Følgjande kjelder var nytta:

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.