Fjørvekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjørvekt, som måler i gram.

Ei fjørvekt er eit apparat som måler kraft ved strekking eller samanpressing av ei metallfjør. Forlenginga eller forkortinga vert vist på ein justert skala. Ei kjøkenvekt er som regel ei fjørvekt, og måler då vekta eller tyngda til ein lekam. Fjørvekter er som oftast skalerte i gram, eller kg, sjølv om dei ikkje måler masse. Dette er då ei tilnærming, etter som tyngdekrafta, og dermed vekta, varierer litt med høgde over havet og stad. Fjøra er heller ikke heilt lineær, så fjørstivheita er ikkje heilt konstant. Fjørvekter er difor ikkje lovlege ved kjøp og sal.

Fjørvekter kan nyttast til å måla strekkraft, men ein lyt då konvertera til eininga for kraft, som er Newton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fjørvekt