Fjallkonan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Første teikninga av Fjallkona etter Johann Baptist Zwecker i Icelandic Legends frå 1866.

Fjallkonan (Fjellkvinna) er ei kvinneleg lekamleggjering av Island. Ho blei først skildra i Ofsjónir frå 1752 av Eggert Ólafsson og først namngjeven i diktet «Íslands minni» av Bjarna Thorarensen. Sidan dette har Fjallkonan blitt eit utbreidd islandsk symbol.

Ho blei først avbilda i ei engelsk bok, Icelandic Legends (1864-1866), teikna av tyske J.B. Zwecker etter ei skildring gjeven av omsetjaren Eiríkur Magnússon. Dette bildet skildra han så i eit brev til Jón Sigurðsson:

Dette bildet av ei kvinne er meint å representera Island, sidan ho på hovudet har ei krone av is som flammar sprutar opp frå. På skuldra har ho ein ramn, den mest typiske fuglen til Island — Odin sin gamle ven. [...] Ein måse sigler over vatnet og det sydande tidshavet, og historiske runestavar flyt i land innan rekkevidd for kona; ho har allereie ein av dei i handa. Dei skal stå for litteraturen og historia til landet vårt. Over kvinna er ein nattehimmel med stjerner og måne. Bak henne er fjell med toppar bada i månelys.[1]

Eit blad kalla Fjallkonan kom ut i Reykjavík frå 1884 til 1911. Nettstaden fjallkonan.is er eit prosjekt frå Reykjavik museum som formidler islandsk kvinnehistorie.

Ei kvinne utkledd som Fjallkonan dukka første gong opp under Islandsdagane i Winnipeg í Canada i 1924. Sidan 1944 har kvinner kledde som Fjallkonan lese opp dikt under den islandske nasjonaldagen 17. juni ei rekkje stader på Island.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Íslands minni ved Wikisource (is).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar