Fjallsárlón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjallsárlón
Fjallsárlón is located in Island
Stad Sørenden av Vatnajökull
Koordinatar 64°01′07″N 16°23′06″WKoordinatar: 64°01′07″N 16°23′06″W
Type innsjø Bresjø
Tilknytte land Island sitt flagg Island
Overflateareal 4,0 km²

Fjallsárlón (islandsk uttale fjadls-aor-loun) er ein bresjø ved sørenden av isbreen Vatnajökull. Fjallsjökull, som er ein del av den større isbreen, strekkjer seg ned i innsjøen og ofte ser ein isfjell som driv rundt på overflata.

Han ligg ikkje langt frå Skaftafell nasjonalpark og den meir kjende bresjøen Jökulsárlón. Frå Breiðárlón renn det ei lita elv ned til Fjallsárlón.

Over innsjøen ragar den kjende vulkanen Öræfajökull.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]