Fjell kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Fjell kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1246 |
| Fylke | Hordaland |
| Adm.senter | Straume |
| Areal | 147 km² |
| Folketal | 22 714 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Eli Årdal Berland (H) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.fjell.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Fjell kommune på Commons | |
Fjell kommune er ein øykommune utanfor Bergen i Hordaland fylke. Kommunen har fleire øyar. Mellom desse kan nemnast Alvøy, Bildøy, Bjorøy, Litlesotra, Misje, Turøy i tillegg til nordre del av Sotra. Sørparten av Sotra høyrer til Sund kommune. Nabokommuna i nord er Øygarden. Over Hjeltefjorden i nordaust ligg Askøy, som er eigen kommune.
Fjell kommune er ein kommune i vekst. Etter at Sotrabrua stod ferdig i 1971 har innbyggjartalet vakse frå under 7000 til godt over 20.000 i dag. Administrasjonen held til på Straume på Litlesotra like ved kjøpesenteret Sartor Senter.
Lokalavis for Fjell, Sund og Øygarden er Vestnytt.
[endre] Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for Fjell kommune frå 1920:
| 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 4786a | 4265a | 5169a | 5172a | 5418a | 6936 | 10 517 | 14 956 | 18 541 | 21 823 |
- a Dette talet omfattar ikkje øyane Turøy og Misje, som var del av gamle Herdla kommune fram til 1964. Desse øyane hadde då 404 innbyggjarar.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Fotnotar
| Kommunar i Hordaland | ||
|---|---|---|
| Askøy · Austevoll · Austrheim · Bergen · Bømlo · Eidfjord · Etne · Fedje · Fitjar · Fjell · Fusa · Granvin · Jondal · Kvam · Kvinnherad · Lindås · Masfjorden · Meland · Modalen · Odda · Os · Osterøy · Radøy · Samnanger · Stord · Sund · Sveio · Tysnes · Ullensvang · Ulvik · Vaksdal · Voss · Øygarden | ||