Fjellklatresmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellklatresmett

Status i verda: VU Sårbar

FjellklatresmettFoto: Flickr-brukar: 57Andrew
Fjellklatresmett
Foto: Flickr-brukar: 57Andrew

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Acanthisittidae
Slekt: Xenicus
Art: X. gilviventris
Vitskapleg namn
Xenicus gilviventris
Pelzeln, 1867

Fjellklatresmett (Xenicus gilviventris), maori Pīwauwau, er ein klatresmett, endemisk til Sørøya på New Zealand. Medan arten er i dag avgrensa til alpine område av Sørøya, indikerer funn av fossil at han ein gong òg levde på Nordøya. Han er den mest sjeldne av dei to overlevande artar av klatresmettar, og han er truga av introduserte pattedyr. Fjellklatresmetten er òg einaste nolevande arten i slekta Xenicus.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fjellklatresmetten er ein relativt liten sporvefugl, ca. 10 centimeter i kroppslengd. Arten viser kjønnsdimorfisme, hannen veg 16 gram, hoa er større, 20 g. Hannen er grågrøn på oversida, lys brungrøn på undersida og han har eit gult område på kroppssidene. Hoa har eit meir olivenbrunt preg. Felles for kjønna er stutt hale, avrunda venger, kremgul augebrunstripe, svart, rettpeikande nebb og lange, bleike bein. Det finst geografiske variasjonar i fjørdrakta ved at fuglar sentralt i utbreiingsområdet er mest brunlege, og i andre område har dei meir grøn fargefase, som i nordvestre Nelson-regionen. Eit karakteristisk trekk er vanen dei har med å gynge opp og ned med kroppen. Dei er dårlege flygarar, nett som skogklatresmetten, dei flyg sjeldan meir enn to meter over bakken eller over avstandar meir enn 30 meter. Dei er svært bakkelevande, og beitar i låg krattskog eller i opne urer i alpine område.

Utbreiingsområdet til fjellklatresmetten er fragmentert i fjellområdet langs vestlege Sørøya, frå Tasman Mountains, Tasman-distriktet i nord og sørover på begge sider av Søralpane sør til sørlege Fiordland. Han er mest vanleg nær tregrensa og kan lokalt vere vanleg som til dømes ved Homer Tunnel nær Mount Aspering og ved Mount Murchison. Arten er ein standfugl og ein kjenner ikkje at han trekker mellom ulike høgdnivå med årstidene.[1]

Føda er hovudsakleg virvellause dyr, men dei kan òg beite på grasfrø og små frukter av buskar og blomsterplantar i slektene Gaultheria og Coprosma. Blant byttedyra er biller, sommarfugllarver, edderkoppar, skolopenderar og larver av møll og vårfluger.[1]

Fjellklatresmettpara vernar eit territorium heile året. Reiret er stort med overbygg og sideinngang, det ligg i ei utgraven grop i ei skråning eller ei kløft. Reiret er gjort av plantematerialar og begge i paret tar likeverdig del i bygginga og seinare i ruging og omsut for ungar. Eggelegginga i skjer frå midten av oktober til midten av november, òg i desember viss dei må gjere meir ein eit hekkeforsøk. Kullet er på typisk 3 (1-5) egg, klekkinga skjer etter ca. 20 dagar og ungane kan flyge etter rundt 24 dagar. Dei kan forplante seg når dei har nådd alder av 11 månader, og det eldste kjente individet av fjellklatresmetten blei over 8 år.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Arten var allereie utrydda på Nordøya då europearane kom, og etter det har truleg populasjonen gått ned og blitt meir oppstykka på Sørøya. Trugsmåla er brannar og innførte pattedyr som er blitt predatorar på fjellklatresmettar.

Arten har status som sårbar hos IUCN, bestanden er estimert til 3 500-15 000 individ (2005), og er minkande.[2]

Ein studie ved Otago-universitetet av over 2000 observasjonar mellom 1912 og 2005 fann at utbreiingsområdet for arten hadde gått attende med 24 % etter 1984.[3]

I 2008 vart ni fjellklatresmettar første gongen sette ut på Secretary Island i Fiordland National Park, dette er ei øy utan predatorar. Dei kommande to åra vart til saman 40 fjellklatresmettar sette ut på same øya, alle ringmerkt.[4] I ei undersøking i 2010, fann ein tolv umerka fjellklatresmettar på Secretary Island, som indikerte at dei hadde lukkast med hekking på øya.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjellklatresmett