Fjellmarikåpe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Fjellmarikåpe | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Rosales | |
| Familie: | Rosaceae | |
| Underfamilie: | Rosoideae | |
| Slekt: | Alchemilla | |
| Art: | A. alpina | |
| Vitskapleg namn | ||
| Alchemilla alpina
L., 1753
|
||
Fjellmarikåpe er ei fleirårig plante i rosefamilien som har ei amfi-atlantisk utbreiing.
Planta vert om lag 1 dm høg, og har 5-7-kopla blad som er snaue ovanpå og glinsande silkehåra under. Gulgrøne blomstrar på korte skaft. Blømer kring juni i heiar, enger og snøleger til fjells og ikkje sjeldan i låglandet i mest heile Noreg. Funnen opp til 1760 m i Jotunheimen.
Som hos alle marikåper forplantar også fjellmarikåpa seg ukjønna. Medan dei andre marikåpeartane i Norden står kvarandre svært nær skil fjellmarikåpa seg klart frå desse.
Kjelder [endre]
- Tysk wikipedia.
- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.