Fjellmyrløpar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellmyrløpar
Fjellmyrløpar
Fjellmyrløpar
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Fjellmyrløpar C. falcinellus
Vitskapleg namn
Calidris falcinellus

Fjellmyrløpar (Calidris falcinellus), tidlegare òg kalla breinebbsnipe,[2] er ein liten vadefugl i snipefamilien, Scolopacidae. Han er ein trekkfugl utbreidd frå Fennoskandia i vest til austlege Sibir i aust i hekketida og trekkjer sørover for overvintring. I Noreg hekkar han i indre delar av Austlandet og Sør-Trøndelag og i Finnmark. Det er tidlegare òg registrert hekking i Nord-Trøndelag og sørlege Nordland.[3]

Egg

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei lita snipe, 15 til 18 centimeter i lengd,[4] litt mindre enn myrsnipe. Fjellmyrløpar er noko tregare i rørslene enn myrsnipe[4] og har kortare bein og eit kraftig, rett nebb som er nedbøygd berre på den ytste spissen. Vaksne individ i hekkedrakt har markerte mønstre med mørkegrå og raudbrun overside og kvit underside. Brystet er kvitt med pilspissforma mørke flekker og han har augebrynstripe og to lyse striper lengre opp på hovudet.

I vinterdrakta er han lysgrå på oversida og kvit under, som ei myrsnipe i vinterdrakt, men med stripene på hovudet. Ryggen på ungfuglar liknar ryggen åt myrsnipe, men dei kvita sidene, buken og det brunstreka brystet kjenneteiknar fjellmyrløparen.

Lokkelyden er ein surrande fløytetone. Spellætet er eit surrande 'brre brre brre', eller samantrekt 'brrebrrebrre' som oftast kan høyrast om natta når dei flyg omkring over hekkeplassen.

Fjellmyrløpar er utbreidd på taigaen frå Skandinavia og austover i Sibir i hekketida. Han er ein utprega trekkfugl som overvintrar i Aust-Afrika, sørlege og søraustlege Asia og Australasia. Hekkefuglar i Skandinavia har trekkrute i søraustleg retning, dei trekkjer sjeldan over Vest-Europa. Under trekket flokkar han seg ofte med andre vadefuglar, og særskilt myrsniper.

Fjellmyrløpar hekkar på våte myrer i bjørkeregionen og i barskog. Paringsspelet innleier hekkinga, spelet inneheld spelflukt og song av hannen. Reiret er ei grope i marka, der hoa legg 3-4 egg. Begge foreldre rugar egga, og klekking skjer etter ca. tre veker.

Desse fuglane søkjer føde på gjørmete kyststriper og på våtmarker. Dei lokaliserer byttet med synet plukkar føda med nebbet. Insekt og mindre virvellause dyr dominerer dietten.

Arten delast oftast inn i to underartar:[5]

  • Calidris falcinellus falcinellus - nominatforma hekkar i nordre Skandinavia og i dei nordvestre delane av Russland. Har markerte kronestriper.
  • Calidris falcinellus sibirica - hekkar frå Tajmyrhalvøya austover til Kolymaelva.

Arten var tidlegare einaste medlemmen i den biologiske slekta Limicola.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av fjellmyrløper Calidris falcinellus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 2. februar 2022
  2. Vik, Rolf og Karl Aage Tinggaard (1962). Fuglene i farger. Oslo: Aschehoug (W. Nygaard). 
  3. Bangjord, Georg. «Fjellmyrløpar Limicola falcinellus i Norske fugler, Norsk Fugleatlas på NOF sin nettstad». Norsk Ornitologisk Forening. Henta 21. februar 2011. 
  4. 4,0 4,1 Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
  5. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology 
  6. Med referanse til Gibson & Baker 2012, har 5 snipeartar blitt flytta frå sine eigne monotypiske slekter og inn i slekta Calidris. Oppdatering Clements-lista august 2013, ref til side 99

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fjellmyrløpar
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Calidris falcinellus