Fjellnandu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellnandu

Status i verda: NT Nær truga

Eit par i Torres Del Paine, ChileFoto: Dag Peak
Eit par i Torres Del Paine, Chile
Foto: Dag Peak

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Struthioniformes
Familie: Rheidae
Slekt: Rhea
Art: R. pennata
Namn på andre språk
  • Engelsk: Lesser Rhea, Darwin's Rhea
  • Spansk: Ñandú de Darwin
Vitskapleg namn
Rhea pennata
d'Orbigny, 1834

Fjellnandu (Rhea pennata), er ein strutsefugl utan flygeevne og den minste av dei to nolevande nanduartane. Han finst i høgare område av sørvestre Sør-Amerika frå Altiplano i nord og til Patagonia i sør.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Oppreist er fjellnanduar 90-100 cm høge. Kroppslengda på vaksne individ er 92-100 cm og dei veg frå 15 til over 28 kg.[1][2] Som dei fleste strutsefuglar, det har eit lite hovud og lite nebb, sistnemnde måler mellom 6,2 og 9,2 cm. Beina og halsen er lange. Nanduar har relativt større venger enn andre strutsefuglar, slik at dei spring spesielt godt. Det kan nå opp i fart på 60 km/t, på det viset kan dei slipper vekk frå åtak av rovdyr. Dei skarpe klørne på tærne er òg effektive våpen. Fjørene liknar strutsefjører ved at dei manglar dei små krokane som låser saman den glatte overflata på dei ytre fjørene på flygande fuglar.[3] Fjørdrakta deira er brun og kvitflekt, og den øvre delen av tarsen er fjørkledd.[1] Tarsen er 28-32 cm lang og har 18 horisontale plater framføre.[1]

Fjellnanduar er hovudsakleg planteetarar, men i tillegg står smådyr som øgler, biller og grashopper på menyen. Hovuddietten er sett saman av frukt frå kaktus, og dessutan beitar dei gras og buskar.[1] Dette er vanlegvis rolege fuglar, unntatt når dei som ungfuglar plystrar vemodig, og når hannar gjev ein blomstrande læte på jakt etter ein make.[1]

Hannane av denne arten blir aggressive når dei rugar egga. Difor legg hoene dei siste egga i kullet nær reiret, snarare enn i det. Hannen flyttar dei fleste av slike egg inn i reiret, men nokon blir verande utanfor, der dei rotnar og tiltrekkjer seg fluger. Hannen, og seinare ungane, et av desse flugene. Rugetida er frå 30 til 44 dagar, fleire hoer kan legge egg i eit reir, og talet på egg i eit reir kan variere mellom 5 og 55. Egga er 87-126 mm og er grønnaktig gule.[1] Ungfuglar mognast ved treårs alderen. Utanfor hekkesesongen er fjellnanduane ganske omgjengelege, lever i grupper på 5-30 fuglar av begge kjønn og ei rekkje ulike aldrar.[1]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Underartar og utbreiing:
██ Rhea p. pennata ██ Rhea p. tarapacensis ██ Rhea p. garleppi ██ Nominatforma, introdusert ██ 1. ikkje fastsett underart ██ 2. nominatforma introd ██ 3. utdøydd
Illustrasjon og kjelde: Wikimedia Commons brukar: CHUCAO

Fjellnanduar lever i område med opent kratt på graslettene i frå Patagonia i sør til Altiplano i nord, gjennom Argentina, Bolivia, Chile og Peru. Alle underartane føretrekker grassletter, buskvegetasjon og myrer. Medan nominatforma trivst best under 1500 moh., vil dei andre underartane vanlegvis leve i høgder frå 3000-4500 moh., men lokalt ned til 1500 m i sør.[4]

Fjellnandu har tidlegare vore kalla Darwins nandu, etter Charles Darwin som observerte arten under reisa med HMS «Beagle» frå 1831 til 1836. Det opphavlege vitskaplege namnet var Rhea darwinii.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Davies, S.J.J.F. (2003)
  2. Elliott, Andrew (1992)
  3. Perrins, C. (1987)
  4. BirdLife International (2008)
  5. Darwins zoologinotater i ny bok NRK Vitenskap, 8. februar 2001, henta 3. mai 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjellnandu