Fjellværsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellværsøya
Geografi
Norway - Fjellværsøya.png
Stad Kråkvågfjorden
Koordinatar 63°38′18″N 09°05′06″EKoordinatar: 63°38′18″N 09°05′06″E
Høgaste punkt Haglebjøra (143 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Sør-Trøndelag

Fjellværsøya (eller Fjellværøy eller Fjellværøya) er ei øy i Hitra kommune i Sør-Trøndelag, nordaust for Hitra. Sundet mellom øyane heiter Fillfjorden.

10. juli 1992 vart ferjesambandet Fillan—Brøttingsvåg (1967-1992) erstatta av Fjellværøysambandet som via fleire fyllingar mellom holmar og skjer og den særprega Krabbsundet bru (316 meter lang, lengste spenn 150 meter) går mellom øyane. Vegprosjektet er ein del av fastlandssambandet Hitra–Frøya.

Nord for øya ligg Ulvøya som er knytt til Fjellværsøya med Knarrlagsund bru.

På øya ligg ei over 3000 år gammal grav frå bronsealderen. Det høgaste fjellet er Haggelbøra, 153 moh.