Fjernsjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fjernsjakk er sjakk som blir spela over avstand med ulike former for kommunikasjon.

Dette har tradisjonelt skjedd som postsjakk, med brev eller postkort. Dei siste åra har fjernsjakk i stor grad i staden blitt spela ved å bruke ei fjernsjakk-datamaskin til å kommunisere trekka, og til ei viss grad også ved ebrev.

Fjernsjakk har elles blitt spela ved bruk av dei fleste former for kommunikasjon, frå telegraf på 1800-talet, til seinare telefon, teleks og telefaks. Brevduer skal også ha blitt brukt.

Fjernsjakk står i motsetnad til nærsjakk, der spelarane sit ved eit sjakkbrett samtidig. Det blir også rekna som nærsjakk viss spelarane ikkje sit på same stad, men der trekka blir overført fortløpande, slik at partiet blir avvikla innanfor vanlege rammer for tenketid for nærsjakk.

Særtrekk ved fjernsjakk[endre | endre wikiteksten]

Det karakteristiske ved fjernsjakk er såleis både den geografiske avstanden mellom spelarane, og at det blir spela med mykje lenger tenketid enn nærsjakk. Tenketida kan variere etter kva som blir avtalt mellom spelarane, eller bestemt for den einskilde turneringa, men har tradisjonelt vore f eks 30 dagar på 10 trekk. Eit fjernsjakk-parti kan såleis vare frå nokre dagar, når det blir spela via ei datamaskin på nettet, eller via ebrev. Og det kan ta opptil fleire år når det blir spela via post mellom spelarar i ulike land.

Fjernsjakk er ulik nærsjakk på fleire måtar. I nærsjakk blir det vanlegvis spela berre ein mot ein, når ein ser bort frå simultan-oppvisningar. I fjernsjakk har spelarane oftast mange parti i gang samtidig, og deltar gjerne i fleire turneringar samtidig også. Somme fjernsjakk-spelarar kan ha meir enn hundre sjakkparti i gang samtidig.

Tenketida i fjernsjakk er vanlegvis mellom 30 og 60 dagar for 10 trekk, med tillegg for tid for postgangen i postsjakk. Dette gjer det mogleg for spelarane å arbeide grundigare med partia, noko som gjer at spelarane sjeldnare gjer grove feil. I fjernsjakk har spelarane no vanlegvis høve til å bruke hjelpemiddel som sjakkbøker, databaser og sjakkprogram. Men det blir også arrangert turneringar der spelarane forpliktar seg til ikkje å bruke hjelpemiddel, typisk så som sjakkprogram.

Hjelp frå datamaskiner[endre | endre wikiteksten]

Dei siste åra har det kome manga og sterke sjakkprogram, noko som har endra den tradisjonelle fjernsjakken. No trengst det ikkje berre kunnskapar om sjakk, og evne til å analysere sjakk, men det krevst i tillegg ei evne til å kunne bruke sjakkprogram og dei analysane som programma leverer. Då alle spelarar no har tilgang til dei sterkaste sjakkprogramma, så vil også spelarar med begrensa eigen spelestyrke bli i stand til å levere jamnt svært gode trekk. Dette gjer at det no er mindre avstand i resultata enn tidlegare mellom nybegynnar og meisterspelar i fjernsjakk.

Problemet blir då: Er ein menneskeleg meisterspelar pluss maskin noko særleg betre enn ein nybegynnar som berre leverer dei trekka som maskina foreslår? Til no synest dei sterkaste spelarane å ha eit overtak uansett, men sjakkprogramma blir betre for kvart år.

Organisert fjernsjakk[endre | endre wikiteksten]

Fjernsjakk-turneringar blir arrangert av ulike organisajonar, både nasjonale og internasjonale. Den viktigaste er International Correspondence Chess Federation (ICCF). ICCF samarbeider med verdssjakkforbundet FIDE. I Noreg blir fjernsjakk organisert av Norges Fjernsjakkforbund.

ICCF tildelar titlane Internasjonal meister i fjernsjakk (IM), Senior Internasjonal Meister i fjernsjakk (SIM) og Stormeister i fjernsjakk. Desse titlane tilsvarar dei titlane som Verdssjakkforbundet FIDE delar ut for nærsjakk.

ICCF arrangerer også VM i fjernsjakk. Fordi desse turneringane går over lang tid, kan dei overlappe kvarandre: I februar 2005 var Joop van Oosterom erklært som vinnar av det 18. VM i fjernsjakk, som starta i juni 2003. Medan ein måtte vente til januar 2006 før det var klart at nordmannen Ivar Bern hadde vunne det 17. VM i fjernsjakk, som starta i mars 2002.

Ulike former for fjernsjakk[endre | endre wikiteksten]

I praksis er det no hovudsakleg tre former for fjernsjakk, der nett-basert fjernsjakk mot ei datamaskin etter kvart synest å ta meir og meir over.

Fjernsjakk via datamaskiner på nettet[endre | endre wikiteksten]

Fjernsjakk-datamaskiner på nettet tar imot trekka frå spelarane, antan etter pålogging, eller for så vidt på kva vis om helst. Datamaskina lagrar trekka og partia i ei database, og motstandaren kan hente ut det nye trekket, og deretter legge inn sitt svar.

Ebrev-basert fjernsjakk[endre | endre wikiteksten]

Dette synest å vere på veg ut - mellom anna pga problem med spam og virus.

Postsjakk[endre | endre wikiteksten]

Det er framleis høve til å spele tradisjonell postsjakk, og det blir framleis arrangert turneringar der spelarane sender trekka pr post.

Nærsjakk-spelarar som har spelt fjernsjakk[endre | endre wikiteksten]

I våre dagar er dei fleste sterke fjernsjakk-spelarane spesialistar i denne greina av sjakkspeling. Men særleg i tidlegare tider var det mange sterke nærsjakk-spelarar som også spelte postsjakk.

Olga Rubtsova vann både det vanlege nærsjakk-VM for kvinner, og postsjakk-VM. 3 postsjakk-verdsmeistrar var stormeister i nærsjakk: Jakov Estrin, Alberic O'Kelly de Galway og Viacheslav Ragozin. Tre postsjakk-verdsmeistrar var Internasjonale Meistrar i nærsjakk: C.J.S. Purdy, Mikhail Umansky og Ivar Bern. Spelarar som har mottatt stormeister-tittelen i begge disiplinar er spelarar som Ulf Andersson, Igor Bondarevsky, Aivars Gipslis, Curt Hansen, Jonny Hector, Jānis Klovāns, Olita Rause(WGM), Lothar Schmid og Duncan Suttles. Fjernsjakk-stormeistrane Janos Balogh, Olaf Barda, Jean Hebert, Jonathan Penrose og Richard Polaczek var også Internasjonale Meistrar i nærsjakk, og nærsjakk-stormeister Alexander Tolush var fjernsjakk-IM. Paul Keres, Estland, ein av dei aller sterkaste nærsjakk-spelarene gjennom tidene, spelte mange postsjakk-parti då han var ung. Verdsmeistrane i nærsjakk Alexander Alekhine og Max Euwe er også kjende for å ha spelt ein del postsjakk-parti. Ulf Andersson var rangert mellom dei første 100 på verdssjakkforbundet si ratingliste for juni 2002, samtidig som han var rangert som nr 2 på ICCF si ratingliste.

Verdsmeistrar i fjernsjakk (ICCF)[endre | endre wikiteksten]

Årstala under er tida dei ulike VM-finalane vart spela.

Menn[endre | endre wikiteksten]

  • 1. Cecil John Seddon Purdy (1950-53)
  • 2. Viacheslav Ragozin (1956-59)
  • 3. Albéric O'Kelly de Galway (1959-62)
  • 4. Vladimir Zagorovsky (1962-65)
  • 5. Hans Berliner (1965-68)
  • 6. Horst Rittner (1968-71)
  • 7. Yakov Estrin (1972-76)
  • 8. Jørn Sloth (1975-80)
  • 9. Tõnu Õim (1977-83)
  • 10. Victor Palciauskas (1978-84)
  • 11. Friedrich Baumbach (1983-89)
  • 12. Grigory Sanakoev (1984-91)
  • 13. Mikhail Umansky (1989-98)
  • 14. Tõnu Õim (1994-2000)
  • 15. Gert Jan Timmerman (1996-2002)
  • 16. Tunç Hamarat (1999-2004)
  • 17. Ivar Bern (2002-)
  • 18. Joop van Oosterom (2003-2005)
  • 19. Christophe Léotard (2004-)
  • 20. (ikkje avgjort enda)
  • 21. Joop van Oosterom (2005-2007)

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

  • Olga Rubtsova (1968-72)
  • Lora Jakovleva (1972-77)
  • Ljuba Kristol (1978-84)
  • Liudmila Belavenets (1984-92)
  • Ljuba Kristol (1993-98)
  • Alessandra Riegler (2000-05)
  • Olga Mikhailovna Sukhareva (2002-2006)