Fjodor Abramov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjodor Abramov
Statsborgarskap Sovjet-Russland, Sovjetunionen
Fødd 29. februar 1920
Verkola
Død

14. mai 1983 (63 år)
St. Petersburg

Yrke skribent, litteraturkritikar, prosaforfatter, litteraturhistorikar, kommentator, litteraturvitar, litterat
Språk russisk
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Fjodor Abramov på Commons

Fjodor Aleksandrovitsj Abramov (29. februar 192014. mai 1983) var ein russisk forfattar.

Abramov melde seg som friviljug til forsvaret av Leningrad under andre verdskrigen. Han var alvorleg såra og sendt heim att. I 1956 vart han dosent i sovjetisk litteratur, men etter 1960 konsentrerte han seg om å skriva sjølv. I bøkene skildrar han den vanskelege situasjonen til nordrussiske bønder under og etter krigen. Tre av bøkene hans er omsette til norsk; Morshjertet, Pelageja og Aljka. Han vart straffa fleire gonger for å bryta Sovjetunionen sine retningsliner for litteratur.

Småplaneten 3409 Abramov er kalla opp etter Fjodor Abramov.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bratja i siostry, 1958
  • Vokrug da okolo, 1963
  • Dve zimy i tri leta, 1969
  • Puti-pereputja, 1973
  • Dom, 1980

Kjelder[endre | endre wikiteksten]