Fjord1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«M/F Solundir»

Fjord1 er eit av landets største transportkonsern med kjerneverksemd innan ferjedrift, passasjer- og ekspressbåtdrift, bussdrift, reiseliv, godstransport på land, og catering. I tillegg driv konsernet omfattande verksemd innan andre forretningsområde, inkludert reisebyrå, verkstaddrift, finans og eigedomsforvaltning.

Konsernet har vel 2300 tilsette og omsette i 2008 for 2,8 mrd. kroner. Samla opererer selskapa i konsernet vel 60 ferjer og hurtigbåtar og meir enn 500 bussar og godsbilar.

Fjord1 er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune (59%) og Møre og Romsdal fylkeskommune (41%). Fjord1 Nordvestlandske AS, morselskapet i Fjord1, vart stifta 9. mai 2001 og har hovudkontor i Florø. Aktiviteten til Fjord1 er organisert i fire forretningsområde; sjø, buss, gods land og service, og vert driven gjennom 7 dotterselskap med underliggjande selskap, i tillegg til eigarinteresser i ei rekkje andre selskap.

Selskapa[endre | endre wikiteksten]

Fjord1 har i dag aktivitetar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Rogaland, Hordaland og Finnmark.

Konserndirektør er Leif Øverland.

Gassferjer[endre | endre wikiteksten]

Fjord1 bestilte fem gassferjer etter at dei vann det store ferjeanbodet for operasjon av nye gassferjer som trafikkerer strekninga på E39 mellom Stavanger og Bergen. To av ferjene vart sett inn i trafikk 1. januar 2007, då Fjord1 overtok sambanda etter HSD og Boknafjorden Ferjeselskap. Lengda på kvar ferje er 129 meter og kapasiteten er 212 bilar. To av ferjene går mellom Mortavika og Arsvågen mens tre går mellom Halhjem og Sandvikvåg. I tillegg har konsernet kontrahert tre noko mindre gassferjer som går mellom Molde og Vestnes frå 2010.

Den første gassferja Fjord1 skaffa seg var ferja MF «Glutra» i 2000. Den gjekk i starten i trafikk på sambandet Sølsnes-Åfarnes i Romsdal, men er no i drift på sambandet Seivika-TømmervågNordmøre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]