Fjorden Nordfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 61°53′45″N 5°57′30″E

Nordfjord ved fergestrekninga mellom Anda og Lote
Foto: Chell Hill
Kart over Nordfjorden.
Satellitbilete som viser Nordfjord under Sunnmøre-fjordane og Romsdalsfjorden. (Kjelde: NASA)
Øya Klonvingen i innlaupet.
Foto: Scarto
Inste delen av fjorden. Loen kan skimtast til venstre, Olden i midten.
Foto: Sindre Jacobsen

Nordfjord er ein fjord i landskapet Nordfjord i Vestland. Han ligg i kommunane Kinn, Bremanger, Stad, Gloppen og Stryn. Fjorden er 106 km lang frå Husvågøy i vest til Loen lengst inne i landet og er med det den sjette lengste fjorden i landet.

Fjorden har innløp ved Klovningen vest for Husvågøy mellom Vågsøy i nord og Bremangerlandet i sør. På kvar si side av Husvågøy går to delfjordar, Vågsfjorden på nordsida og Fåfjorden på sørsida. Måløy ligg ved fjorden på søraustsida av Vågsøy. Litt lenger aust ligg Rugsundøya der Rugsund og Saktestraumen går på kvar side av øya og sør til Frøysjøen på austsida av Bremangerlandet. Vidare innover i fjorden ligg bygda Bryggja på norsida og Davik på sørsida.

Ved Hamnes deler fjorden seg i to. Den eine delen held fram rett austover som Eidsfjorden og går inn til Nordfjordeid. Den andre delen held fram som Nordfjord søraustover og deler seg så i to delar igjen. Ålfoten går her sørvestover til bygda Ålfoten, medan delfjorden Hundvikfjorden held fram austover. Ved Hestenesøyra går dei to sidefjordane Hyefjorden mot Hyen i sørvest og Gloppefjorden mot Sandane i søraust. Nordfjord held fram austover som Utfjorden inn til bygda Utvik, og passerer Randabygda, som ligg på nordsida. Frå Utvik og inn til Innvik vert fjorden kalla Innvikfjorden. Faleidfjorden er ein del av Nordfjorden på sørsida av Faleid.

Aust for Faleid går Strynebukta nordover til Stryn, og her munnar Stryneelva ut i fjorden. Inst i fjorden ligg Lovika og Oldvika med bygdene Oppheim, Loen og Olden.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Det meste av fjorden har vegsamband på begge sider. På norsida av fjorden går mellom anna E39, Rv60, Rv613, Rv1, Rv16 og Rv15. På sørsida går Rv69, Rv614 Fv573 og Rv16.

Nordfjord vert kryssa av tre ferjestrekningar:

  1. Anda - Lote, som en del av E39, ved innløpet til Gloppefjorden.
  2. Stårheim - Isane, ved innløpet av Eidsfjorden.
  3. Måløy - Oldeide gjev samband mellom Vågsøy og Bremanger ytst i Nordfjord.

Side- og delfjordar[endre | endre wikiteksten]

Frå kysten mot innlandet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fjorden Nordfjord