Fjording

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 11. januar 2013 kl. 08:03 av MerlIwBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: it:Fjord)
To fjordingar; ei hoppe og føllet hennar.

Fjordhest eller fjording er ein vestnorsk hesterase og er ein av dei eldste hesterasane i verda. Fjordhesten er ein av tre nasjonale hesterasar og blir rekna som den norske nasjonalhesten. Fjordhesten er ein samarbeidsvillig og svært allsidig hest. Kvart år blir det arrangert Fjordhest-NM, der det blir konkurrert i fleire greiner innan riding og køyring.

Raseskildring

Avlsmålet til fjordhesten er breitt og langsiktig.[1] Målet er å ta vare på særpreget og mangfaldet i rasen ved reinrasa avl, og ta vare på fjordhesten sine allsidige eigenskapar. Fjordhesten skal vera sunn og funksjonsdyktig. Ein skal avle for å bevare dei opphavleg godkjende fargane og primitive avteikna som ofte varierer i forhold til nyansane i fargen.[1] Fjordhesten skal ikkje ha avteikn og fargemønster som ikkje er typiske for rasen.

I følgje avlsplanen frå 2003, forfatta av Norges Fjordhestlag og Norsk Hestesenter, skal fjordhesten vera «ein sterkbygd, hardfør, velbygd og atletisk hest med stor utstråling og sjarm. Han skal vere samarbeidsvillig, påliteleg, villig, avbalansert og roleg i dei fleste situasjonar, og ha naturlege og godt balanserte rørsler. Eksteriør og rørsler skal vere slik at hesten kan ta seg godt fram både i terreng og på flatmark/bane. Fjordhesten skal vere ein allsidig ride-, køyre- og trekkhest. Han skal vere lett handterleg og høveleg til familiebruk, til ulike aktivitetar som i rideskule, terapi, arbeid, fritid og sport».[1]

Fjordhesten skil seg frå andre rasar med den blakke fargen og den karakteristiske ståande mana, som det er lang tradisjon for å klippe. Det mørke midt i mana kallast midtstol. Den mørke ryggstripa blir kalla ål. Vanlegvis varierer stangmål mankehøgde mellom 135 og 150 cm, men høgder ned i 125 cm og opp i 155 cm er ikkje uvanlege. Den blakke fargen finst i fem godkjende nyansar (førekomst i parantes): brunblakk (85-90 %), raudblakk (5 %), ulsblakk (3 %), grå (5 %) og gulblakk (0,5 %).[2]

Historie

Fjordingen er ein svært god kløvhest med ein lasteevne på kring 100 kg. (Foto: Frode Inge Helland, Aurlandsdalen 1961.)

Fjordingen stammar truleg frå tarpanen, stamfaren til den moderne tamhesten. Både tarpanen og fjordhesten har 66 kromosom. Den eldste typen nolevande hest i verda, den utryddingstruga przewalskihesten, deler enkelte morfologiske trekk med fjordhesten, men sidan przewalskihesten har 64 kromosom er det difor meir sannsynleg at tarpanen og fjordhesten er tettare beslekta enn det fjordhesten er med przewalskihesten.[3]

Etter den siste istida kom det hestar til Noreg, sannsynlegvis frå aust, via Sverige. Fjordhesten stammar frå desse første hestane (Nestaas, 2010). Arkeologiske utgravingar tyder på at hesten var domestisert og nytta som husdyr i Noreg i bronsealderen, om lag 1200 år f. Kr. Funn i vikinggraver tyder på at det har blitt avla tamme hestar i 2000 år. Fjordhesten stammar mest sannsynleg frå denne hesten.[4] Det er også truleg at handel med andre nordiske land har påverka fjordhesten slik me kjenner den i dag.[3]

Fjordhesten har blitt brukt som gardshest på Vestlandet i lang tid. At hesten var liten og nøysam gjorde det mogleg å halde hest til og med på små gardsbruk der tilgangen på fôr var minimal. Både til det vanlege gardsarbeidet, til kløving og som transportmiddel, fungerte hesten bra. Fjordhesten var viktig i turistsamanheng på slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet, då den fungerte som skysshest. Hesten var viktig i landbruket på Vestlandet fram til traktoren tok over ei tid etter andre verdskrig.

Det første offentlege støttetiltaket for avl på hest i Noreg var stutteriet på Hjerkinn i 1846.[4] Tiltaket vart av ulike grunnar ingen suksess og fjordhesten fekk ufortent mykje av skulda for det. Statsagronom Johan Lindequist såg behovet for å forbetre fjordhesten som rase. Då han ikkje kunne finne fjordhingstar han meinte var eigna til avl, satsa han i staden på dølahingstar.[4] Dermed blei kryssingsavl ein statleg avlsstrategi. Det var mange meiningar om kryssingsavlen, men etterkvart som mange av avkomma synte seg som høgstilte, uharmoniske dyr med dårleg lynne, vart skepsisen mot kryssingsavlen større. På eit møte i Innvik i 1907 vart det allment akseptert at ein ikkje skulle drive med kryssingsavl og det vart leita for å finne dyr som var reinrasa som ein kunne bruke i det vidare avlsarbeidet.

I 1890-åra vart det skipa mange lokale avlslag for fjordhest. Arbeidet med stambokføring av fjordhesten tok til rundt år 1900 og den første stamboka for fjordhest var gjeven ut i 1910. Statens Stambokkontor førte stamboka for fjordhesten frå 1918. I 1922 fekk fjordhesten sin eigen statskonsulent, Jens Nordang, som hadde eit overordna ansvar for fjordhestavlen.[1] Den første utstillinga for hest på Vestlandet vart arrangert i Førde i 1864. Første stambok vart utgjeve i 1910. Frå 1918 hadde Statens Stambokføringskontor ansvaret for stambokføringa, til Norsk Hestesenter tok over. Norges Fjordhestlag (NFL) vart skipa i 1949 og arbeider for avl og bruk av fjordhest.

Med tida blei avlsarbeidet meir organisert. Hestetalet i Noreg auka, med ein topp på 202 000 hestar i 1920. Offentlege konsulentar fekk stor innverknad på dei enkelte rasane.[4]

Utpå 1900-talet var reinavlen igjen etablert, bilane overtok tungtransporten og avlen styrte mot å forsyna landbruket med ein type hest landbruket trong. I tillegg gjorde tilfeldigheitar at den større og grovare fjordhesttypen frå det nordlege Vestlandet fekk overtaket på den lette og smekrare typen frå det sørlege Vestlandet (Nestaas, 2010). På 40-, 50- og 60-talet gjekk avlen i retning av ein tyngre og grovare fjordhest. Halsen blei kortare og rørslene dårlegare. Dette endra seg igjen på 70-talet, då den edlare og lettare fjordhesttypen igjen vann fram. Dette gjekk naturleg nok ikkje upåakta hen. Den kjende og respekterte hingsteutstillaren Even Alme sa dette då han fekk spørsmål om kva han meinte om den «nye» fjordhesttypen ein ville ha fram: «Vi skal ikkje lage ein ny fjordhest, men gå attende til gamletypen». Med det meinte han at ein skulle finne tilbake til fjordhesten slik den var før den stuttvaksne og breilagde typen vart favorisert.[4]

I avlshistoria er det nokre dyr som har dominert meir enn andre. Den som har hatt størst innverknad, fjordhesten sin far, er Njål 166. Eit dyr som har betydd mykje i avlen vert kalla for ein matador. Andre matadorar er Gange Rolv I 42, Bergfast 635, Håkon Jarl 645 og Øyarblakken.

Førekomst

Det er vanskeleg å seie noko om kor mange fjordhestar det har vore til ei kvar tid. Ufullstendig innrapportering gjer at ein ikkje kan stola heilt på tala som er tilgjengelege. Det som er sikkert, er at det under den andre verdskrigen var det stor produksjon av fjordhest. Over 12 000 hopper vart para i 1943.[5] Etter krigen tok mekaniseringa av jordbruket til. Dette førte til at fjordhesten mista sin posisjon som arbeidshest. Frå den gong har bedekkingstala sokke. Det er i dag om lag 5500 fjordhestar i Noreg.

Fjordhesten har blitt eksportert til mange land og fins i dag spreidd over store deler av verda. Dei største populasjonane utanom Noreg er i Danmark, Tyskland og Nederland. Organisert avl vert også drive i andre europeiske land, i Nord- og Sør-Amerika og i Australia.

Bruk

Tradisjonelt har fjordhesten vore ein arbeidshest. I forhold til storleiken er fjordhesten svært sterk og eignar seg godt til tungt arbeid. I dag blir fjordhesten brukt mest til riding og køyring. Fjordhesten er ein svært allsidig hest og kan difor hevde seg på høgt nivå i mange konkurransegreiner. Dei aller fleste fjordhestar startar i ponniklasser. Fjordhesten har oftast godt gemytt, og dei eignar seg ofte som førstehest.

Fjordhesten er kjend som ein svært god køyrehest. Laget som representerer Noreg med einspann ponni har alltid vore eit reint fjordhestlag.[4]

Fjordhest-NM

For meir om dette emnet, sjå Fjordhest-NM.

Kvart år blir fjordhest-NM for junior og senior arrangert. Då blir det konkurrert i dressur, sprang og køyring. For å vinne Fjordhest-NM må ekvipasjane ta del i alle tre greinene.

Avl

Fjordhesten fekk sin første avlsplan i 1995. Avlsplanen skal reviderast kvart femte år. I planen er nedfelt når dei ulike eigenskapane skal vurderast. Hingstar møter til kåring som treåringar. Dei som blir kåra skal som fireåringar inn til utvida bruksprøve, der dei over fleire veker blir ridd, køyrd og handtert av personar som er tilsett av Norsk Hestesenter. Framgang og dugleik i dei ulike disiplinane vert måla.

Nytt utstillingsreglement vart innførd i 2009. Klasseinndelinga er noko endra og all vekt i dømminga vert på individet sjølv. Tidlegare talde avlsresultatet sterkt inn for eldre hingstar og hopper. Etter dei nye reglane blir avkomsgranskinga gjort administrativt, det vil seie at avlsverdien vert fastsett etter kva avkoma har oppnådd, ikkje slik som før då ein vurderte ei avkomsgruppe. Nytt er også at 1. premie kan tildelast til fireårs og eldre individ.[4]

Anna

I Frankrike har dei ale fram ein eigen hesterase basert på fjording og blanda med ymse andre hesterasar. Desse hestane heiter Henson[6] Dei blir mellom anna bruka til polocrosse[7] og til horseball.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Norsk Hestesenter. (2003). Avlsplan for fjordhest.
  2. Nestaas, Tor. (1996). Fjordhestens farger, Den internasjonale fjordhestkonferansen, Nordfjordeid.
  3. 3,0 3,1 Nestaas, Tor. (2002). «Opphavet til rasen», The Official Handbook for Fjord Horse Judges, Fjord Horse International
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Nestaas, Tor. (2010). Fjordhesten gjennom tidene. Norges Fjordhestlag
  5. Nestaas, Tor. (2009). Bruk av fjordhingstene.
  6. http://www.henson.fr
  7. [1]

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fjording