Flåm stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flåm stasjon
Flåm train station.jpg
Flåm stasjon
Foto: Michael Vokabre
Stasjonsområdet
Stad Flåm
Kommune Aurland
Fylke Sogn og Fjordane
Koordinatar 60°51′46″N 7°6′47″EKoordinatar: 60°51′46″N 7°6′47″E
Distanse 356 km frå Oslo
Høgd 2,0 moh.
Opna 1940
Rehabilitert Ny stasjonsbygning i 1992[1]
Linjer og rutedrift
Linje(r) Flåmsbana
Operatørar NSB
Overgang
Buss Aurlandsvangen, Lærdalsøyri, Gudvangen
Plassering
Flåm stasjon is located in Sogn og Fjordane

Flåm stasjon er endestasjonen på Flåmsbana og ligg på Fretheim i Flåm inst i Aurlandsfjorden. Stasjonen, og bana, opna i 1940. Ny stasjonsbygning vart opna i 1992.

Flåm stasjon ligg 356 km frå Oslo (om Roa) og 20,2 km. frå Myrdal stasjon. Stasjonen ligg på 2 moh. medan øvste stasjon på bana, Myrdal stasjon, ligg på 866 moh.[2]

Den gamle jernbanestasjonen huser no Flåmsbanemuseet.
Foto: Sean Hayford O'Leary
Flåm stasjon sett frå Europaveg 16.
Foto: Michael Vokabre

I den gamle stasjonsbygningen ligg Flåmsbanemuseet. I tilknyting til stasjonområdet ligg Flåm cruiseskiphamn og ferjekai, og Europaveg 16 går ikkje langt unna. Frå kaien går det ferje i heilårsrute til Gudvangen inst i Nærøyfjorden og om sommaren går det snøggbåt til Balestrand og Bergen. Ved stasjonsområdet ligg det også busshaldeplass for bussane til Fjord1 og Norway bussekspress. I området nær stasjonen ligg Fretheim hotel, Flåmsbrygga hotel, pensjonat, campingplass, vandrarheim, hytteutleige, daglegvarebutikk, postkontor, panoramakino, souvenibutikkar og serveringsstader.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flåm stasjon
Teiknforklaring
BSicon KBHFa.svg 0,00 km Flåm 2 moh
BSicon HST.svg 1,60 km Lunden 16 moh
BSicon HST.svg 2,99 km Håreina 48 moh
BSicon HST.svg 6,30 km Dalsbotn 200 moh
BSicon BHF.svg 9,69 km Berekvam 343 moh
BSicon HST.svg 11,80 km Blomheller 458 moh
BSicon HST.svg 15,80 km Kjosfossen 670 moh
BSicon HST.svg 18,00 km Reinunga 767 moh
BSicon HST.svg 19,07 km Vatnahalsen 811 moh
BSicon BHF.svg 20,20 km Myrdal 866 moh
BSicon LSTR.svg Bergensbanen