Flåmsdalen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myrdalsberget øvst i Flåmsdalen. Vegen som svingar seg opp berget vart bygd for å kunne transportere varer og folk til byggina av Bergensbanen.
Flåmsdalen er ein 18 kilometer lang smal dal som strekk seg frå Myrdalsplatået på vel 800 moh. ned til Fretheim inst i Aurlandsfjorden i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Gjennom dalen renn den varig verna Flåmselvi, som har utspringet sitt nordom Hardangerjøkulen, og jarnbanen Flåmsbana går frå Myrdal og ned gjennom heile dalen til endestasjonen ved fjordbotn.