Flórina
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Flórina Lokalt namn: Φλώρινα |
|
|---|---|
Utsyn mot Flórina |
|
| Geografi | |
| Stad | Makedonía |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 827,6 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Vest-Makedonía Flórina |
| Hovudsete | Flórina (14 279 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 33 282 (2001) |
| Folketettleik | 40,2 /km² |
Flórina (gresk Φλώρινα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn, der han er hovudstad, i Vest-Makedonía i Hellas. Byen har om lag 15 000 innbyggjarar, og ligg like sør for grensa til Republikken Makedonia. Prespasjøen ligg vest for byen.
Flórina vart grunnlagd i tida under Austromarriket og vart erobra av Det osmanske riket på 1300-talet og først i 1912 etter den første balkankrigen vart han igjen ein del av Hellas. Byen vart derimot okkupert av Bulgaria under den andre balkankrigen og under den første og den andre verdskrigen.
[endre] Administrativ inndeling
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Flórina
- Káto Klinés
- Melíti
- Pérasma
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad (gresk)
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Florina frå Engelsk Wikipedia .