Flørli

Koordinatar: 59°0′49.871″N 6°25′34.118″E / 59.01385306°N 6.42614389°E / 59.01385306; 6.42614389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°0′49.871″N 6°25′34.118″E / 59.01385306°N 6.42614389°E / 59.01385306; 6.42614389

Flørli sett frå hurtigbåt
Det gamle kraftverket og røyrgata med trappene

Flørli (eller Fløyrli) er ei lita bygd på sørsida av Lysefjorden i Ryfylke, med 13 bustadhus og kraftverk. I dag er det berre to fastbuande på staden.[1] I 1999 blei det gamle kraftverket lagt ned, og erstatta av eit nytt og automatisert kraftverk sprengt inn i fjellet. Før dette var husa busett av arbeidarane ved kraftverket, og bygda hadde skule fram til 1970 og butikk til 1981. I dag er Flørli eit ynda turistmål, spesielt grunna dei 4444 trappetrinna som går ved sida av røyrgata oppover den bratte fjellsida.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var fast busetjing i Flørli frå 1600-talet, truleg bygd kring saga og sagbruket som gjekk i Flørliåna. Bygda blei i 1708 lagt øyde som følgje av eit steinras, men kring år 1800 var det igjen fastbuande i Flørli. I 1802 blei Flørli skilt ut frå Kallali som eigen gard.

Den seinare busetjinga i Flørli kom samstundes med bygginga av Flørli kraftstasjon rundt 1913 til 1918. 119 arbeidarar, 28 kvinner og 37 barn var registrert i Flørli i 1916. Kraftverket blei bygd for å gi kraft til eit planlagt smelteverk i Lysefjorden, men dette blei aldri realisert. I staden inngjekk kraftselskapet ein 10-års leigekontrakt med Stavanger Elektrisitetsverk, som kjøpte kraftverket då kontrakten løp ut. I perioden fram mot 1990-talet gjekk det på det meste 30 barn på Flørli skule, og bygda hadde post og butikk fram til høvesvis 1970 og 1981. Flørli blei heilt fråflytta i 1999 på grunn av automatisering av kraftverksdrifta.

Flørli i dag[endre | endre wikiteksten]

På 2000-talet blei ein del av husa selde som fritidshus.[2], og det blei etablert kafé og galleri i den gamle kraftstasjonen. Skulehuset ved fjorden har sidan 2006 vore bustad for kunstnarar frå utlandet[3], og Flørli hadde i 2011 to fastbuande.[1] Det går rutebåt innom Flørli heile året, og turistferje om sommaren.

Flørlistølen og Flørli turiststasjon[endre | endre wikiteksten]

Flørlistølen ligg over Flørli og er tidlegare driven som ein støl. Flørli turiststasjon er eit tidlegare skulehus i Flørli. Begge er i dag turistforeiningshytter, eigd og drivne av Stavanger Turistforening. Stølen ligg ein times gange bratt opp frå fjorden. Den har seks senger og er ubetent heile året. Flørli turiststasjon ligg ca. 100 meter over havet, og er den øvste delen av busetjinga. Turiststasjonen er ubetent om sommaren og er ikkje til bruk om vinteren. Huset er det eldste i Flørli.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]