Flaggruten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS «Vingtor» ved Strandkaien i Bergen.
Foto: Harald Sætre

Flaggruten var frå 1960 til 2013 eit snøggbåtsamband mellom Stavanger og Bergen. Reisa tok i 2013 kring fire og ein halv time og båtane anløp fleire byar undervegs. Ruta vart den siste tida driven av det privateigde transportselskapet Norled med hovudkontor i Stavanger. Flaggruten hadde lokalrutenummer 2291.

Katamaranen MS «Sleipner», som forliste 26. november 1999 i ei ulukke der 16 menneske omkom, var eit fartøy i Flaggruten. Sleipner var elles systerskip til MS «Draupner» som vart seld til utlandet i februar 2007.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til Flaggruten byrjar i 1960 då Det Stavangerske Dampskipsselskap (DSD) og Sandnæs Dampskibs-Aktieselskab (SDS) sette hydrofoilbåten MS «Vingtor» i trafikk mellom Stavanger og Bergen. Vingtor var bygd ved Rodriques skipsbyggeri i Messina i Italia der liknande båtar gjekk i passasjerruter over Messinasundet mellom fastlandet og Sicilia. Han hadde tre salongar som gav sitteplass til 105 passasjerar og to Daimler Benz-motorar på 2700 HK gav han ein rutefart på 36 knop. Den første sommaren gjekk Vingtor frå Bergen om morgonen og kom til Stavanger kl. 1105, gjekk så tur/retur Haugesund før han hadde ettermiddagsavgang til Bergen der han ankom kl 2015. Sjølv om det var ein del driftsproblem, var den første sesongen så vellukka at reiarlaga nytta seg av opsjonen på ytterlegare eitt skip – MS «Sleipner» som vart sett i trafikk i juni året etter. Sleipner hadde morgonavgang frå Haugesund til Stavanger og gjekk derfrå kl. 0900 tur/retur Bergen og var tilbake kl. 1945 før han gjekk kveldsturen til Haugesund. Tolv år etter Vingtor fekk dei to selskapa sin tredje hydrofoilbåt, MS «Tyrving», som vart sett inn som det tredje skipet i hydrofoilruta fram til 1974.

Hydrofoilbåtane hadde ikkje seglingsløyve vinterstid og dei vart heist på land på Klasaskjeret i Stavanger. Dei første åra segla dei òg forbi Leirvik for her var det Hardanger-Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) som hadde konsesjon. Først i 1968 fekk hydrofoilane lov til å anløpe Leirvik, men fekk ikkje ta med passasjerar herfrå til og frå Bergen. Ein gong samferdselsminister Reiulf Steen skulle reise frå Bergen til eit møte i Leirvik, var det hydrofoilen som gav det beste sambandet og då sørgde han for at det vart gjeve dispensasjon – noko som ikkje var særleg populært blant folk på Stord som gjerne ville nytte dette sambandet til Bergen.

Hydrofoilruta var ein konkurrent til Nattruten mellom Sandnes/Stavanger og Bergen som vart driven av dei to same reiarlaga, og han overtok etterkvart mykje av passasjertrafikken på strekninga. I 1974 vart Flaggruten danna og HSD kom då med som ein tredje partner med 25 prosent (Stavangerske hadde 45% og Sandnes Damp 30%). Med HSD inn i biletet kunne skipa anløpe både Mosterhamn og Leirvik og ta med passasjerar i begge retningar. Flaggruten starta opp 1. juni 1974 då ein nybygd westamaran som overtok namnet MS «Vingtor», vart sett i trafikk. Ein månad seinare vart systerskipet MS «Sleipner» òg sett inn i ruta. Passasjerkomforten i dei nye skipa var særs betre enn i hydrofoilane og dei takla grov sjø i Boknafjorden og på Sletta langt betre enn hydrofoilane. Den store ulempen var at dei ikkje klarte større rutefart enn 28 knop slik at reisetida Stavanger-Bergen vart forlenga med 40 minutt. MS «Tyrving» fortsette i Flaggruten og saman hadde dei tre skipa tre daglege avgangar Stavanger-Bergen og retur og nokre ekstraavgangar på deler av strekninga. I 1977 fekk Flaggruten levert ytterlegare ein westamaran av same type som dei to andre og han fekk namnet MS «Draupner» og overtok MS «Tyrving» si rolle i seglingsmønsteret. Desse tre westamaranane trafikkerte Flaggruten fram til 1988.

I denne perioden var det ei alvorlig ulukke. Søndag 4. januar 1976 gjekk «Sleipner» med 176 passasjerer på grunn på Håskruskjæret på Sletta da han var på veg frå Mosterhamn til Haugesund. Skipet hadde full fart (28 knop) då ulukka skjedde, ingen omkom, men 19 personar vart så skadd at dei vart sende til sjukehus. Skipet vart reparert og sett inn i rutefart att.

I 1988 kjøpte DSD SDS sin andel i Flaggruten slik at det berre var to reiarlag som dreiv ruta saman. Og i 1989 var det igjen tid for nye skip. Den 11. mai var det tvillingdåp ved Fjellstrand verft i OmastrandMS «Sleipner» og MS «Draupner» vart overlevert. Dei to nye skipa heldt større fart og hadde større passasjerkapasitet enn dei gamle og dei trafikkerte ruta frem til 1997 då «Sleipner» vart seld og erstatta av «Vingtor» fram til det kom nye skip i 1998. Før dette – i 1992 – hadde HSD kjøpt ut DSD og dreiv Flaggruten aleine.

I 2013 vart Flaggruten nedlagt.[1] Siste tur var 30. desember 2013.[2]

Skip[endre | endre wikiteksten]

MS «Tidebris» ved Leirvik (2009).
Foto: Harald Sætre

Rute og anløpsstader[endre | endre wikiteksten]

Flaggruten hadde alltid Stavanger og Bergen som endepunkt og anløp av Kopervik og Haugesund, medan andre mellomstader varierte. I 2013 starta ruta ved Fiskepirterminalen i Stavanger og på veg nordover vart Boknafjorden kryssa. Første anløp var FøresvikBokn, deretter KopervikKarmøy og Haugesund. Frå Haugesund gjekk turen over det opne havstykket Sletta til MosterhamnBømlo og vidare til LeirvikStord. Vidare nordover gjekk nokre turar i Langenuen med anløp av HufthamarHuftarøy i Austevoll, andre gongar vart det segla Nyleia med anløp av RubbestadnesetBømlo før Hufthamar. Deretter var det anløp på Flesland med samband til Flesland lufthamn før turen endte ved Strandkaiterminalen i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Flaggruten legges ned. bt.no (10. september 2013)
  2. Her set Flaggruten kursen sørover for siste gong NRK Hordaland (30. desember 2013)