Flagrelire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagrelire

Status i verda: LC Livskraftig

Flagrelire aust for Tasmania, AustraliaFoto: JJ Harrison
Flagrelire aust for Tasmania, Australia
Foto: JJ Harrison

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Puffinus
Art: P. gavia
Vitskapleg namn
Puffinus gavia

Flagrelire, Puffinus gavia, er ei lita lire i stormfuglfamilien. Som hekkefugl er ho endemisk til New Zealand med hekkeområde rundt Nordøya og i Cooksundet.

Flagrelira har kroppslengd på ca. 33 centimeter og kroppsmasse på 300 gram. Ho er gjennomgåande mørk på oversida med lys underside. Rygg og overside av venger er einsfarga gråbrune, strupen og brystet er kvite med gradvis overgang til den gråbrune oversida. Buk, kroppssider og undergump er einsfarga kvite. Undervengene er kvite med lyst, gråbrunt felt mot armholene, mørke vengespissar og eit smalt, mørkt markert band rundt bakkanten. Nebbet er mørkt og tynnt. Den noko større maorilire liknar mykje, men har litt mørkare undervenger.

Dei største hekkekoloniane finst på Manawaøyane nord for Nordøya, og i Marlboroughsunda nord for Sørøya og utanfor Gisborne. Ungfuglar migrerer til kysten sør og aust for Australia i februar og nokre har vore registert så langt nord som ved Vanuatu.

Populasjonen er estimert til ca. 100 000, og opptil 20 000 kan samlast i flokkar som beitar saman utanom hekkesesongen. Ein trur populasjonen går tilbake grunna predasjon av innførte artar som villkattar og rotter.

Føda er for det meste småfisk og kril. Dei kan beite med to ulike strategiar, enten ved å stupe i vatnet frå låg høgd eller ved å symje på overflata og så dukke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]