Flakstad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flakstad kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Flakstad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Lofoten
Sokn Flakstad
Fellesråd Flakstad
Type Krosskyrkje
Material Tre
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 300
Kart
Flakstad kyrkje
68°06′17″N 13°18′23″E / 68.1048°N 13.3063°E / 68.1048; 13.3063
Wikimedia Commons: Flakstad kirke

Flakstad kyrkje ligg på staden Flakstad i Flakstad kommune i Nordland. Kyrkja er ei krosskyrkje i tre med 300 plassar. Ho vart bygd i 1780 og vølt om i 1872 og 1938. Ho høyrer til Flakstad sokn i Lofoten prosti.

Flakstad kyrkje er første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1413.[1] Ei kyrkje på Flakstad vart bygd i 1430. Ho vart øydelagd av storm på 1700-talet. Den nye kyrkja vart bygd av tømmer frå Russland. Ho vart bygd utanpå den gamle kyrkja. Ei av lysekronene i kyrkja kjem òg frå Russland. Fleire av gjenstandane i dagens kyrkje stammer frå den gamle kyrkja, deriblant to lysekroner, altertavla og preikestolen.

Ein orkan blåste tårnet av kyrkja i 1874. Tårnet vart deretter sett opp i vestenden av kyrkja. Under ombygginga i 1938 vart tårnet sett på plass att midt over kyrkjekrossen, i kyrkjetaket.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.