Flamborough Head

Koordinatar: 54°06′58″N 0°04′59″W / 54.11599°N 0.08305°W / 54.11599; -0.08305
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalktårnet nær Flamborough Head. Bygd i 1674 og det eldste komplette fyret i England
Flamborough fyr

Flamborough Head er eit 11 km langt nes som stikk ut i Nordsjøen frå kysten av Yorkshire i England, mellom buktene ved Filey og Bridlington. Den harde kalksteinen neset består av, gjer at det skil seg ut langs den låge kysten ved Holderness i sør. Neset er kjend for det rike dyrelivet sitt. Her ligg òg ein landsby med litt over 2000 innbyggjarar.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Flamborough Head er erklært eit Special Area of Conservation (SAC, særskild verneområde) av det nasjonale Joint Nature Conservation Committee (JNCC). Sjøfugl som havsule og lundefugl hekkar ved klippene og fuglereservatet i Bemptonklippene ligg like i nærleiken. Mange trekkfuglar stoppar her på veg sørover om hausten.

Menneske[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire grotter med spor av menneske i Flamborough enn nokon anna stad i Storbritannia, og den største strekkjer seg meir enn 50 meter innover. Det eldste fyret i Storbritannia, som vart bygd i 1674, står på Flamborough Head.

Landsbyen Flamborough hadde 2 121 innbyggjarar ved folketeljinga i 2001.

Slaget ved Flamborough Head[endre | endre wikiteksten]

Ein fransk-amerikansk skvadron kjempa mot fregattar frå Royal Navy i slaget ved Flamborough Head under den amerikanske sjølvstendekrigen den 23. september 1779. Britane tapte slaget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

54°06′58″N 0°04′59″W / 54.11599°N 0.08305°W / 54.11599; -0.08305