Flaming av Pink Floyd
| Flaming Singel av Pink Floyd frå albumet The Piper at the Gates of Dawn |
||
| B-side | «The Gnome» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 5. august 1967 | |
| Innspelt | Mars og juni 1967 | |
| Sjanger | Psykedelisk rock | |
| Lengd | 2:46 | |
| Selskap | Tower/Capitol (US) | |
| Låtskrivar(ar) | Syd Barrett | |
| Produsent | Norman Smith | |
| Pink Floyd-kronologi | ||
| «See Emily Play» (1967) |
Flaming | «Apples and Oranges» (1967) |
«Flaming» er ein song av det psykedeliske rockebandet Pink Floyd og kom ut på debutalbumet deira The Piper at the Gates of Dawn i 1967. Songen, som er skriven av Syd Barrett, er i hovudsak ein barneliknande leik mellom to vener, derfor «Lazing in the foggy dew». Etter David Gilmour vart med i bandet vart songen verande på spelelista deira ei kort stund i 1968.
Dette var òg den tredje singelen til Pink Floyd i USA. Singelen gjekk ikkje inn på lista. Mono-miksen frå singelen er noko annleis enn andre stereo- eller monoversjonar av songen. Singelen vart gjeven ut i USA i staden for «Apples and Oranges» med «Paint Box» som B-side. Det var den første singelen til Pink Floyd som ikkje vart gjeven ut i Storbritannia. Den andre singelen var «Let There Be More Light».
I songen vert det referert til edderdun, eiderdown. Fleire andre Pink Floyd-songar inneheld òg slike referansar, som «Julia Dream» og «A Pillow of Winds».
|
Alone in the clouds all blue Syd Barrett (1967)
|
Medverkande [endre]
- Syd Barrett - Gitar og vokal
- Richard Wright - Tangentinstrument
- Roger Waters - Bass og glidefløyte
- Nick Mason - Trommer og perkusjon
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Flaming (Pink Floyd song)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2011.