Flamingoar
| Flamingoar | ||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Phoenicopteriformes | |
| Familie: | Phoenicopteridae | |
| Slekt: | Phoenicopterus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Phoenicopterus | ||
Dei seks artane av flamingoar utgjer same slekta Phoenicopterus i familien Phoenicopteridae, einaste familien i ordenen Phoenicopteriformes. Dette er selskaplege fuglar som vadar og finst både på den vestlege halvkula og den austlege halvkula, men er mest talrike på den austlege. Det er fire artar i Amerika og to artar i «den gamle verda».
Namnet «flamingo» er frå portugisisk og har slektskap med ordet «flamme».
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Flamingoar er store fuglar med særs lange bein, lang hals og kraftig bøyg på nebbet. Hannen er større enn hoa.
Flamingokyllingar har grå fjørdrakt, medan farga på drakta hos vaksne individ varierer frå lys rosa til lys raud ettersom innhaldet av vassbakteriar og betakaroten i dietten varierer. Ein flamingo med god tilgjenge på mat får kraftfulle farger og er ein ettertrakta make. Ein kvit eller bleik flamingo er derimot usunn eller underernært. Flamingoar i fangenskap er eit unnatak, om dei ikkje får fôr med same innhald av karoten som frie fuglar slår dei over i ei bleik rosa farge.
[endre] Liste av artar
Orden Phoenicopteriformes, flamingoar
- Phoenicopteridae, flamingofamilien
- Phoenicopterus ruber, raudflamingo
- Phoenicopterus roseus, flamingo
- Phoenicopterus chilensis, chileflamingo
- Phoenicopterus minor, dvergflamingo
- Phoenicopterus andinus, andesflamingo
- Phoenicopterus jamesi, punaflamingo
[endre] Biletgalleri
-
Raudflamingo i National Zoo Washington, DC.
-
Dverglamingoar i flukt
-
Raudflamingo ein dyrepark i Frankfurt, som sannsynlegvis søv
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Flamingo frå Engelsk Wikipedia .
[endre] Bakgrunnsstoff