Flannan Isles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flannan Isles
Lokalt namn: Na h-Eileanan Flannach  
Fyret på Eilean Mor i Flannan Isles. Foto: Marc Calhoun
Fyret på Eilean Mor i Flannan Isles.
Foto: Marc Calhoun
Geografi
Flannan Isles is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°18′ N 7°36′ WKoordinatar: 58°18′ N 7°36′ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 0,59 km²
Høgaste punkt Eilean Mòr (88 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Demografi
Folketal 0

Flannan Isles (skotsk-gælisk Na h-Eileanan Flannach) er ei lita øygruppe i Ytre Hebridane i Skottland, om lag 32 km vest for Isle of Lewis. Dei kan ha fått namnet sitt frå St. Flannan, ein irsk abbed og forkynnar på 600-talet.[1]. Dei vert òg kalla Seven Hunter Islands. Øyane har stått folketomme sidan fyret her vart avfolka i 1971.[2]

Kart over øyane med profil, frå 1898

Øyane er fordelte i tre grupper av mindre øyar. Lengst vest ligg Eilean a' Ghobha, Roairearn og Bròna Cleit. I aust ligg Eilean Mòr, Eilean Tighe, Hamasgeir, Làmh an Sgeire Mòire, Làmh a' Sgeire Bheag, Dearc na Sgeir og Gealtaire Beag. Sør for Eilean Mòr-gruppa ligg Soraigh, Sgeir Toman og Sgeir Righinn. Alle desse holmane er omgjeve av mindre namnlause klippeskjer.

Flannan Isles og fyret på Eilean Mòr er kjente som åstaden for ei mystisk forsvinning i 1900. Dampskipet Archtor passerte øyane 15. desember, og oppdaga at fyret ikkje var tent. Dette vart rapportert, og då ein båt med avløysingsmannskap kom fram 26. desember fann dei fyret tomt. Det var ikkje spor av dei tre fyrvaktarane som hadde vore på øya, og det var teikn til at fyrbygningen hadde vorte forlatt i all hast.[3] Dette gav opphav til fleire spekulasjonar og teoriar, av dei meir fantasifulle at fyrvaktarane hadde vorte tekne av eit sjøuhyre eller bortført av utanlandske spionar. Den offisielle granskinga konkluderte med at dei hadde vorte skylt på havet av ei stor bølgje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. s. 329–31. ISBN 1-84195-454-3.
  2. Nicholson (1995) s. 168–79.
  3. «Transcripts from documents related to the Flannan Isles mystery». Museum of Scottish Lighthouses. Vitja 26. februar 2010.