Flapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein flapp er ein konsonant som blir uttala ved at ein nedre, aktiv artikulator fyrst blir dregen bakover og så kasta framover att, slik at han slår borti ein øvre, passiv artikulator «i forbifarten». Eit døme er apikal eller retrofleks flapp, som blir skriven med IPA-symbolet [ɽ] og som blir uttala ved at apex (tungespissen) slår borti postalveoli. [ɽ] er vanleg i mange norske dialektar, til dømes som uttale av l i Ola og jålete. Ein anna flapp er den labiale [ѵ], som blir uttala ved at underlippa slår borti overleppa, som i mbum-ordet Hven [ѵen] 'Gud'.