Flatåsen skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flatåsen Skole - nedre bygg

Flatåsen skole er ein offentleg barne- og ungdomsskule som ligg i bydelen Flatåsen i Trondheim. Skulen har om lag 850 elevar, og er den største barne- og ungdomsskulen i Noreg med ca. 100 tilsette.

I dei seinare åra har skulen satsa på IKT, entreprenørskap og kultur. Skulen har sia starten på 90-talet hatt ei «kulturveke» ei veke rett før påske der elevane lagar førestillingar om forskjellige emne, og framfører dei for resten av elevane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var Flatåsen skole to forskjellige skular: Furuhaugen skole og Flatåsen skole. Furuhaugen skole blei tatt i bruk som skule i 1977. Dei flytta inn i eit skulebygg på Øvre Flatåsen den 14. desember 1979. Flatåsen skole blei starta opp i 1982. Den var, akkurat som Flatåsen skole, ein barne- og ungdomsskule. Han låg 300 meter nedanfor Furuhaugen skole, og tok inn elevane som budde på Nedre Flatåsen.

1. august 2002 blei Furuhaugen og Flatåsen skole slege saman til éin stor skule. Skulens namn blei då Flatåsen skole, og dei gamle skulane Furuhaugen og Flatåsen blei då høvevis øvre og nedre bygg. 1.-2. trinn og 5.-7. trinn blei plassert i øvre bygg, mens 3-4. trinn og 8.-10. trinn blei plassert i nedre bygg.

Plattform[endre | endre wikiteksten]

Plattforma til Flatåsen skole høyrast slik ut:

På Flatåsen skole skal alle elevar oppleve å vere verdifulle.
Alle skal føle at deira evner og anlegg har verdi for fellesskapet og mangfaldet.
Alle elevar skal, ut frå egne føresetnader,
gjevast moglegheit til å få ein fagleg og sosial ballast for å møte utfordringane i livet.
På Flatåsen skole skal barn og unge få delta på varierte læringsarenaer i fleirkulturelt samspel.