Flat Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flat Holm
Lokalt namn: Ynys Echni
Flat Holm Aerial.jpg
Geografi
Bristol Channel map.png
Stad Bristolkanalen
Koordinatar 51°22′37″ N 3°7′20″ WKoordinatar: 51°22′37″ N 3°7′20″ W
Areal 0,35 km²
Lengd 0,6 km
Breidd 0,6 km
Høgaste punkt 32 moh.
Administrasjon
Land Wales
Hovudområde Cardiff

Flat Holm (walisisk Ynys Echni) er ei kalksteinsøy i Bristolkanalen, om lag 6 km frå Lavernock Point i Vale of Glamorgan, men ho høyrer til City Cardiff. Øya er det sørlegaste punktet i Wales.

Øya har ei lang historie som går tilbake til angelsaksarane og vikingane. St. Cadoc vitja øya på 500-talet og i 1835 vart Bristol Channel Mission skipa her, som seinare vart Mission to Seafarers. Eit kolerasanatorium vart bygd i 1896 som eit isolat for Cardiff.

På grunn av dei mange forlisa i området, vart det bygd eit fyr på øya. Det første fyret vart erstatta av Trinity House i 1737. Fyret vart automatisert i 1988. På grunn av den strategiske plasseringa ved innfarten til Bristol og Cardiff vart det plassert ei rekkje kanonbatteri på øya, Flat Holm Battery, i 1860-åra. Desse var ein del av forsvaslinja Palmerston Forts. Då den andre verdskrigen braut ut vart øya opprusta.

Den 13. mai 1897 sendte Guglielmo Marconi, assistert av George Kemp, ein ingeniør knytt til postkontoret i Cardiff, det første trådlause radiosignalet over vatn frå Lavernock til Flat Holm. Meldinga som vart sendt med morsekode var 'ARE YOU READY' ('er du klar').

Øya høyrer no til Cardiff Council sitt Flat Holm Project Team og har status som lokalt naturreservat, Site of Special Scientific Interest (stad av særleg vitskapleg interesse) og Special Protection Area (særskild verneområde) på grunn av dei maritime grasslettene og sjeldne planter. Fleire fugleartar hekkar på øya, som sildemåse, gråmåse og svartbak.

Namnetleddet 'holm' er av norrønt opphav, og har same tyding som 'holme' på norsk. 'Flat' må sjåast i forhold naboøya Steep Holm, som har eit noko meir ulendt terreng. Steep Holm ligg i Somerset i England.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flat Holm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]