Flaumbasalt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moses Coulee syner fleire flaumbasaltar frå Columbia River-gruppa.

Ein flaumbasalt eller ei trapp oppstår i gigantiske vulkanutbrot eller ei rekkje utbrot der store landområde eller område på havbotn vert dekka av basaltisk lava. Flaumbasaltar har skjedd på kontinental skala (store vulkanområde) i tidlegare tider, og danna store platå eller fjellkjeder. Flaumbasaltar har oppstått med tilfeldige mellomrom gjennom den geologiske historia og viser at jorda går gjennom periodar med forskjellig grad av vulkansk aktivitet.

Ei forklaring på flaumbasaltar er at dei vert skapt i kombinasjon mellom kontinentalsprekker og dekompresjonssmelting i samband med mantelplummar, og at dette skaper store mengder toleiittisk basaltisk magma. Desse har særs låg viskositet, som gjer at dei «renn» bort frå vulkanventilane i staden for å danna høge vulkanar.

Deccan-trappene sentralt i India, Dei sibirske trappene og Columbia River-platået vest i Nord-Amerika er tre regionar som vart dekka av førhistoriske flaumbasaltar. Dei to største flaumbasaltane i historisk tid er Eldgjá og LakagigarIsland. Flaumbasaltar på havbotn produserer oseaniske platå.

Overflata som vert dekka av eit slikt utbrot kan varierer frå rundt 200 000 km² (Karoo) til 2 millionar km² (Dei sibirske trappene). Dette er områda dei dekkjer i dag, og på grunn av erosjon dekka dei større område då dei oppstod.

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk