Flea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael «Flea» Balzary

Fødd16. oktober 1962 (61 år)
FødestadMelbourne
OpphavUSA, Australia
Aktiv1979–
SjangerPunk, rock, funk
InstrumentBassgitar
Tilknytte artistarJohn Frusciante, Rage Against The Machine, Jane's Addiction, Thom Yorke, The Mars Volta, Alanis Morissette
LoFi Masters
PlateselskapWarner Bros. Records
Verka somSinger-songwriter
bassist
Gift medFrankie Rayder, Melody Ehsani
Sambuar medFrankie Rayder

Michael Peter «Flea» Balzary (fødd 16. oktober 1962) er ein australsk-amerikansk bassist, trompetist og sporadisk skodespelar. Han er mest kjend for å vere bassisten og medgrunnleggar i det amerikanske alternative rock-bandet Red Hot Chili Peppers.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Flea er kjend for å ha eit bredt spekter av spelestilar. Han nyttar alt frå rask og aggressiv slapphand og plekter til roleg og melodisk fingerspel. Samstundes som han har spelt med Red Hot Chili Peppers har han også samarbeida med diverse andre band og soloartistar som John Frusciante, Rage Against The Machine, Jane's Addiction, Thom Yorke, The Mars Volta og Alanis Morissette. I tillegg til dette har han også vore med i filmar som Back to the Future del II (1989) og del III (1990), My Own Private Idaho (1991), Suburbia (1985) og The Big Lebowski (1998).

Flea var i utgangspunktet ein lovande trompetist, men då han byrja på high school vart han kjend med den framtidige gitaristen til Red Hot Chili Peppers, Hillel Slovak. Hillel trong ein bassist i bandet sitt, Anthym, og Flea starta med eitt å lære seg å spele. Han viste stort talent og initiativ, men slutta i bandet etter nokre månader for å spele i punkrockbandet Fear. Her utvikla han byrjinga på det som etter kvart vart den kjende spelestilen hans; ei slags blanding mellom punk, rock og funk, samstundes som han la grunnlaget for måten han opptrer på ei scene i dag, med mykje hopping og dansing. Flea forlét Fear etter ei stund, og danna eit band saman med Hillel Slovak (gitar), Anthony Kiedis (vokal) og Jack Irons (trommer). Desse kalla seg Tony Flow and the Miracoulusly Majestic Masters of Mayhem, men skifta etter kvart namn til Red Hot Chili Peppers.

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Flea er ofte kjend for å ha ein veldig spesiell og eigen stilart når han speler bass. I dei tidlegaste åra hans i RHCP var spelestilen hans prega av raske og harde tonar, og han fekk ofte mykje soloplass i songane deira. Denne stilen roa han seg med i ettertid, og den dag i dag har han mykje meir roleg og melodisk innverknad, sjølv om han stundom viser kva han er god for på konsertar og liknande.

Frontfiguren til The Smashing Punpkins Billy Corgan sa at fyrste gong han såg RHCP live, hadde Flea «slappa» so hardt og aggressivt at det hadde oppstått eit hól i tommelen hans. Han skreik bokstavleg talt mellom kvar song fordi det gjorde så vondt, men han gav seg ikkje. Etter kvar song kom det ein person ut og fylte opp hòlet i tommelen hans med lim for å dempe smerta.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Flea gifta seg i 1986 med Loesha Zeviar, og dei fekk dottera Clara. Paret vart separert i 1990, men delte omsorg for Clara. Flea har tatovert namnet til Loesha på brystet. Flea fekk i 2005 også dottera Sunny Bebop Balzary saman med si trulova; supermodellen Frankie Rayder. John Frusciante (eks-gitarist i RHCP) er gudfar til Sunny.