Fleet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Entrance to the Fleet River, Samuel Scott, ca. 1750.
Utløpet til Fleet i Themsen i dag, under Blackfriars Bridge
London kring 1300

Fleet er ei av sideelvane til Themsen, i dag skjult under dei sentrale delane av London. Fleets kjelder finst på Hampstead Heath, der ho blir ført inn i to reservoar, Highgate Ponds og Hampstead Ponds. Herfrå går ho i kulvert, først i to løp, deretter i éitt under Kentish Town, Kings Cross og Farringdon Street, før ho renn ut i Themsen ved Blackfriars Bridge.

Angelsaksiske krøniker omtalar Fleet som ei viktig elv, der utløpet i Themsen var eit tidvassbasseng med ei breidd på over 100 m som vart brukt til fortøying av båtar. Mange brønnar var lagt langs elva, og vatnet vart sagt å vere helsebringande. Namnet kjem frå det gammalengelske flēot («munning»). Elva vart òg kalla Holburna («Hulelva») etter den djupe dalforma; eit namn som finst i bydelen Holborn.

Etter som London voks, vart Fleet i aukande grad ein kloakk, og på 1300-talet var ho rekna som urein. Områda langs elva vart etter kvart busett av fattigfolk, med innslag av ulike former for industri. Tre store fengsel vart bygd langs Fleet - Newgate, Fleet og Ludgate.

Etter bybrannen i 1666 foreslo byfornyaren Christopher Wren å utvide løpet, men forslaget vann ikkje fram. I staden vart Fleet omgjort til New Canal, som stod ferdig i 1680. Old Seacoal Lane ved Farringdon Street er eit minne om brygga langs kanalen, som vart fylla igjen i 1737. Strekninga frå Holborn til Fleet Street vart overbygd i 1765, og i samband med anlegget av Regent's Canal vart Fleet i 1812 òg lagt i kulvert gjennom Kings Cross og Camden Town. Ved bygginga av Metropolitan Railway i 1860-åra måtte Fleet under jorda òg langs Farringdon Road, medan den øvste delen av løpet vart lagt igjen i 1870-åra i samband med utbygginga i Hampstead.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]