Fleirårig plante

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Graslauk er eit døme på ei fleirårig plante.

Fleirårig plante eller perenn (latin perennis, 'evig')[1] er ei plante som lever lenger enn to år.[2] Nemninga er ofte nytta til å skilje planta frå eittårige og toårige planter. Mellom dei fleirårige plantene finn ein urteaktige planter, buskar og tre. I hagesamanheng nyttar ein nemninga staude om urteaktige, fleirårige planter.

Ver merksam på at perenn på svensk og perennial på engelsk blir nytta i begge tydingane (fleirårig plante og staude), men at den fagbotanisk korrekte tydinga på desse språka er ei fleirårig plante.

Fleirårige planter, spesielt små blomsterplanter, veks og blomstrar gjennom våren og sommaren, døyr bort om hausten og vinteren, for så å komme attende påfølgjande vår frå rotstokken, i tillegg til å setje frø som ei eittårig plante gjer. Slike planter er kjent som urteaktige, fleirårige planter.

Symbolet for ei fleirårig plante, frå Species Plantarum av Linné, er ♃, som òg er det astronomiske symbolet for planeten Jupiter.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «perenn» i Nynorskordboka.
  2. The Garden Helper. The Difference Between Annual Plants and Perennial Plants in the Garden. Retrieved on 2008-06-22.
  3. Stearn, William T. "Botanical Latin" (four editions, 1966-92)