Fleirsporsinnspeling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
TASCAM 85 16B, ein analog bandopptakar som kan spele inn 16 spor på ein 1 toms tape.

Fleirsporsinnspeling er ein metode for lydinnspeling som gjer at ein kan spele inn fleire forskjellige lydkjelder og danna ein heilskap. Veldig mykje av popmusikken er spelt inn med fleire spor. Dette gjer at ein artist til dømes kan spele inn på spor 2, medan han lyttar til spor 1. Ein kan så spele inn spor 3, medan ein lyttar til spor 1 og 2. Dei tre spora kan så spelast av samstundes som om dei hadde vorte spelt inn samstundes.

Stundom kan to spor miksast saman til eit spor, slik at det eine av dei to spora vert ledige. Beatles sin plateprodusent George Martin nytta seg av denne teknikken på fleire av albuma deira med berre firesporsopptakarar fram til åttesporsopptakarar vart tilgjengelege på White Album. The Beach Boys sitt Pet Sounds var eit av dei første albuma spelt inn med åttesporsopptakar (1965-1966).[1]

Når innspelinga er ferdig vert alle spora «miksa saman» gjennom ein miksepult til ein to-spors stereoopptakar, som så kan kopierast og distribuerast. Film og DVD-musikk kan miksast til fire eller fleire spor, såkalla kringlyd (surround-lyd).

Prosessen vart funne opp og utvikla av gitaristen Les Paul i 1940-åra med økonomisk støtte og inspirasjon frå Bing Crosby og Ampex Corporation. Dette skapte den første 8-sporsopptakaren som nytta ein 1 toms tape.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]