Flekkalkun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flekkalkun
Flekkalkun Foto: Bruno Girin
Flekkalkun
Foto: Bruno Girin
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av flekkalkun
Utbreiinga av flekkalkun
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Fasanfamilien Phasianidae
Underfamilie: Meleagridinae
Slekt: Kalkunar Meleagris
Art: Flekkalkun M. ocellata
Vitskapleg namn
Meleagris ocellata

Flekkalkun, Meleagris ocellata, er ein stor hønsefugl med utbreiing på Yucatán-halvøya. Saman med den større arten kalkun, M. gallopavo, utgjer dei slekta Meleagris, kalkunar.

Flekkalkun lever berre i eit 130 000 km² stort område av Yucatán-halvøya i Mexico som inkluderer delstatane Quintana Roo, Campeche og Yucatán, og dessutan i sørlege delar av delstaten Tabasco og i nordaustlege Chiapas. Dei kan òg førekomme i dei nordlege delane av Belize og Guatemala.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein relativt stor fugl, men mykje mindre enn den nordamerikanske kalkunarten. Flekkalkun er rundt 70-122 cm lang og ei gjennomsnittleg vekt på 3 kg for hoer og 5 kg for hannar. Kroppsfjøra av begge kjønn har ei blanding av bronse og grønt iriserande farger. Sjølv om hofuglar kan ha meir avdempa farger med meir grønt, er ikkje fjørene i brystet generelt ulike mellom kjønna, og kan ikkje brukast til å fastsetje kjønnet. Halefjørene av begge kjønn er blågrå med ein augeforma, blå til bronsefarga flekk mot enden og med ein ljos gullfarga kant. Dekkfjørene på vengene har sterkt iriserande koparfarge. Handsvingfjørene og armsvingfjørene har liknande flekkar som kalkun, men armsvingfjørene er meir kvite, spesielt rundt kantane.

Begge kjønna har blått hovud med noko oransje eller raude knutar, som er mest tydeleg på hannar. Hannane har òg ei kjøttfull blå krone dekt med knutar, nodular. Knutane finst òg på halsen. I løpet av hekketida svulmar denne krona opp og blir klårare og sterkare i den guloransje farga. Auget er omgjeve av ein ring av ljos raud hud, som er mest synleg på hannar under hekketida. Beina er djupraude og er kortare og tynnare enn på kalkun. Hannfuglar på over eit år har sporar på baksida av beina, 4 cm i gjennomsnittleg lengd, over 6 cm har vore registrert. Dette er mykje lengre og tynnare sporar enn på kalkun.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Flekkalkun held seg på bakken det mesta av tida. Dei føretrekk dei å flykte frå farar med å springe heller enn å flyge, men som dei fleste andre artar av hønsefuglar kan dei flyge raskt over korte strekk om det er naudsynt. Dei kviler vanlegvis høgt i tre vekk frå nattlege predatorar som jaguar, og vanlegvis i familiegrupper.

Flekkalkunar legg 8-15 egg i eit godt skjult reir på bakken. Ho rugar egga i 28 dagar. Ungane er tidleg utvikla og i stand til å forlate reiret etter ei natt. Så følgjer dei mora til dei når ung vaksen alder og byrjar å omgruppere seg.

Stemmen er lik den nordlege arten, hannfuglen gjev «buldrelydar» i hekkesesongen, medan hofuglen lagar ein klukkelyd.

Det er observert at hannar av flekkalkun ikkje «buldrar» nett som kalkun.[1] Snarare er songen hans distinkt og inneheld kring seks til sju bongo-liknande basstonar som aukar både i tråkkfrekvens og volum til eit crescendo, og så held fuglen hovudet fullt oppreist gjev ei ganske skingrande, men melodiøs rekkje av støyt. Flekkalkun vil typisk starte songen sin 20-25 minutt før soloppgang, som hos kalkunar i Nord-Amerika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Branton, S. and R. Berryhill, Pavo! Pavo! The Odyssey of Ocellated Turkey Hunting. Branton Berryhill Publishers, Mississippi State, Mississippi. 2007