Flekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Flekke er ei bygd og ein tettbygd stad i Fjaler kommune, om lag åtte kilometer frå kommunesenteret Dale i Sunnfjord, inst i den idylliske Flekkefjorden, som er ein om lag fem kilometer lang sidefjord søraustover frå Dalsfjorden. Hovuddalføret går sørover mot Guddal og Hyllestad, og landskapet er prega av skogkledde lier. Folketalet i Flekke var 207 i 2012.

Jordbruk er den tradisjonelle næringa i Flekke. Men mange arbeider òg i kommunsenteret Dale eller på Haugland Internasjonale Senter midtvegs i Flekkefjorden, der Røde Kors Nordisk Unitet World College («Verds-gymnaset») har tilhald med 200 studentar frå heile verda, leirskule, overnattingsplassar, sommarakademi og kulturbygg. Senteret har dessutan ein rehabiliteringsavdeling med mellom anna eit innandørs miljø- og terapibasseng, ope for publikum. Sogn og Fjordane Røde Kors er eigaren av den gamle lensmannsgarden der senteret ligg. Både den gamle, restaurerte hovudbygningen, Bekkerhuset, og sjølve senteret, er arkitektoniske perler.

Lakse- og aurefiske gjeng føre seg i Guddalsvassdraget, som Flekkeelva og Guddalselva er delar av, og i fjellvatna. Vassdraget er lakseførande opp til Harefossen. Nedslagsfeltet for Guddalsvassdraget dekkar halve flatevidda av kommunen, om lag 200 km2. Det er organisert sal av fiskekort for heile dette området.

Det er fleire restaurerte, gamle ferdselsvegar i Flekke, mellom anna Den Trondhjemske Postvei, og dessutan oppmerkte turstigar til mellom anna Flekkestølen og Nipa, til Langelia (Jarstadheia) og til Håheia. Lettare og kortare turalternativ er til dømes postvegen gjennom Stavsdalen, gamlevegen til Igelkjøn. Andre alternativ er turar frå Haugland, gjennom Hovlandsskaret til Hegnes eller Bortheim /Dale.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsida til Fjaler kommune med opplysningar om Flekke.