Flekket blodsmellar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Flekket blodsmellar | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Arthropoda | |
| Underrekkje: | Hexapoda | |
| Klasse: | Insecta | |
| Orden: | Coleoptera | |
| Familie: | Elateridae | |
| Slekt: | Ampedus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Ampedus sanguinolentus | ||
Flekket blodsmellar ( Ampedus sanguinolentus) er ei bille knytt til fuktige skogområde.
Larvane lever i mosegrodde greiner på bakken, i stubbar og stammar, ofte på svartor, men andre lauvtre, som eik, kan òg vere vertstre. Larven er hovudsakleg eit rovdyr, og et truleg larvar av trebukk. I mai-juni et dei vaksne billene pollen av blomstrande slåpetorn, hagtorn og andre buskar og tre, somme tider òg av urter.
I Noreg finst billa i kystnære naturområde frå Østfold til Aust-Agder. Elles finst ho frå Sør-Skandinavia til Portugal og gjennom Europa og Sibir til Kina og Japan.
Flat storstumpbille er oppført som sterkt trua i Norsk Raudliste 2006.
Kjelde [endre]
- Torstein Kvamme: «Rødlisteprofilen: «Flekket blodsmeller»» i Norsk Skogbruk 12/2008