Flemming Christensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flemming Christensen

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 10. april 1958 (66 år)
København
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Flemming Christensen på Commons

Flemming Christensen (fødd 10. april 1958) er ein dansk fotballtrenar og tidlegare landslagsspelar for Danmark.

Christensen spelte mellom anna i AB og Lyngby Boldklub, og han fekk debuten sin på det danske landslaget i 1982 mot Sverige. Seinare spelte han ytterlegare ti landskampar, der han scora to mål.

Etter å ha vore stoppar som aktiv spelar, vart Christensen trenar for mellom anna Slagelse BI, 2005–2007 for Næstved Boldklub og frå 2007 for AB.

Sidan slutten av mai 2013 er Christensen trenar for Vard Haugesund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]